lørdag, april 06, 2019
Dagbok 2019: 6.april
Klokka er 14.40, temperaturen ute er + 11 grader og det er overskya og ikkje sol. Det er vel litt tidleg å skrive dagbok, men eg sat så lageleg til. Eg har vore vekke frå datamaskina nokre timar og då må eg innpå for å orientere meg.
I dag har eg hatt ein kjekk føremiddag. Marit og eg hadde planlagt tur til Coop i Furene, og eg skulle køyre. Vi trudde at viss vi for tidleg på dag, ville det ikkje vere så stor trafikk. Akkurat der tok vi feil.
Sidan Marit har problem med synet er rollane bytte om; no er det eg som køyrer. No er det ho som føler seg ufri, slik eg gjorde då eg ikkje hadde bil. Eg blir meir vant til å køyre for kvar tur eg tek, og håper det skal halde fram slik. Vi var først på Coop; eg hadde med meg arka som eg hadde printa ut frå data, og eg fekk kontakt med ei som registrerte meg som kunde når eg betalte 300 kr. Kort fekk eg ikkje, men der er bilde av eit kort på arket, som eg kan vise i butikken i staden for kort. Reknar med at eg får kort på sikt. Eg har i alle fall fått kundenummer.
Vi hadde tenkt oss på plantasjen , men der var ikkje parkeringsplass, så vi stoppa på Tilseth i staden. Vi skulle sjå om vi fann noko til gravene, men dei saman-plantingane dei hadde var for store. Det hastar ikkje , vi må ha eit ærend ein annan dag også.
Så køyrde vi bort til Amfi, og eg var igjennom rundkøyringa to gonger utan at noko skar seg.
På Amfi kjøpte vi oss kaffi og kake og sat og prata med kvarandre og med naboar som også var der. Naboen min frå Melle kom også bort til bordet vår og slo av ein prat. Eg hadde diverse eg hadde tenkt å sjå på i dag, men laurdag er ikkje rette dagen for å handle viktige ting. Eg trur eg skal til Volda ein dag og kjøpe meg sko og veske. Eg TRENG begge deler.
Eg har strikka ein lest av garnet eg kjøpte sjølv og har lagt opp ein til, så litt strikking blir det, sjølv om eg ikkje har tatt fatt på eit nytt stort prosjekt. Håper å kunne gjere litt utearbeid no framover, men det er ikkje noko som hastar med hagearbeidet enno.
Eg er så utruleg glad for at eg kan køyre sjølv no, det er alltid kjekt å sitte på med venner og naboar, men ikkje å vere avhengig av det. Bilen går som ei klokke, og startar alltid på første forsøk. Eg sender ei takk til Svein og Bodil som ordna bilkjøpet for meg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 4.mars
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+7 grader, det har vore overskya i dag, men sola kom fram litt no på ettermiddagen; som de ser på bi...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar