fredag, april 05, 2019
Dagbok 2019: 5.april
Klokka er no17.55, temperaturen er + 15 grader, då eg sjekka tidlegare i dag stod gradestokken på + 17. Det har vore ein nydeleg dag, og eg har prøvd å nyte den så godt eg kan. Etter at eg hadde gjort unna fredagsvasken, har eg vore mykje ute på altanen; eg har sola meg, strikka og sove litt innimellom. Sov dårleg sist natt, så eg hadde litt å ta igjen. Eg las også ut lydboka mi sist natt, men den nattlesinga er ikkje å stole på, så eg har lese om att i dag.
Elles har eg vore ein del inn på face, som vanleg. Høyrde mellom anna heile talen som Jonas Gahr Støre heldt på landsmøtet. Beste eg har høyrt av han . Enkel og lett å forstå.
Bodil hjelpte meg med å finne fram på nettet, så no fekk eg sjå skatteoppgjeret mitt. I år har eg betalt for lite så eg må ut med 199kr.
Marit og eg har tenkt oss bort på Coop i Furene, og vi har planlagt å fare på føremiddagen i morgon, i håp om at det er lite trafikk då. det er eg som skal køyre. Det kan bli at vi fer på Felleskjøpet og på Plantasjen også. Vi får sjå. Viss ho har like god tid som eg i morgon, kan vi gi oss tid å sjå oss omkring. Men det er vel for tidleg å plante noko ute enno.
Kvar dag øver eg på spanskleksa. Hadde eg vore så flink å gjere lekser i unge år, hadde eg nådd langt.
No vil eg ønske alle ei nydeleg helg med sol og varme. Nyt dagane, vi veit ikkje kor mane slike fine dagar vi får. God helg
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar