søndag, april 28, 2019

Dagbok 2019: 28.april

Klokka er 18.10, temperaturen er + 18 grader, det hadde regna sist natt,  i dag har det vore opplett, men ikkje sol.
Sist natt sov eg veldig godt og vakna ikkje før klokka var nærmare 9. Eg har gått her heime og vimsa åleine i heile dag, likevel har dagen gått altfor fort,- men det er no ei stund til leggetid enno.
No har eg vore ute ei stund. Først stakk eg løvetannrøter til eg hadde ei full bøtte, då gjekk eg over til å dra skvallerkål ut frå bringebæråkeren. Gjorde meg ikkje ferdig der heller. Gløymde å ha på meg hanskar, som vanleg, og hendene ser ut deretter.
Eg har sett ut papirdunken, for eg fekk melding på mobilen at dei skulle tømme mandag i staden for tysdag. Dunken min er tom. Så lenge eg fyrer litt i omnen av og til, så brukar eg papir til kveikje. Naboar som har papirboss er hermed invitert til å fylle opp.
Tidlegare i dag har eg sete og strikka og høyrt radio, eg har kava med ein Sudoku som eg ikkje har greidd å løyse enno, og så har eg laga meg middag og vaska klede og hengt ut. Ja, innimellom er eg inn på datamaskina for litt "Spanish With Paul." Med andre ord så har eg stort sett slappa av.  Men det er vel det ein skal gjere på Kviledagen-når ein ikkje kan gå tur.
Eg kunne ha vore på korkafé i dag. Marit skulle. Janne dirigerer i alle fall to kor, og i dag var det song og mat på kulturhuset. Eg hadde lyst, men ikkje tiltak. 
Onsdag 1.mai skal eg til Volda, det er ein tradisjon. Nils sine partifeller var der alltid første mai, og dei siste åra vart eg med Nils. I fjor var eg der i lag med Margrete. Det er alltid kjekt der, og eg kjenner no mange av SV-arane både i Volda og Ørsta. Mange av dei møtte fram i gravferda til Nils. Eg har stått som listefyll på SV-lista i mange år, men no har eg meldt meg inn i partiet, og står  på nest siste plass. Anders Roald (H) og eg er dei to eldste som står på val, begge er vi født i mars 1940. Han er 8 dagar eldre enn eg. SV i Ørsta har ei veldig dyktig dame i Marit Aklestad. Ho er flink!Margrete er no i kommunestyret i Volda for AP, men tilstellinga er eit samarbeid mellom dei to partia, derfor kan vi gå  lag.
I morgon trur eg at eg må komme meg bort på Plantasjen og handle litt av kvart som eg treng i hagen. Eg kjøper ikkje plantar som kan fryse for eg har høyrt at det skal bli kaldt om nokre dagar. men eg treng andre ting. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...