fredag, april 26, 2019

Dagbok 2019: 26.april



Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 22 grader C, det er fint lettskya vêr og no har sla vore borte ei stund for å komme att til kvelden. Dette har vore ein ekte sommardag i Starevegen, med hagearbeid og prat med naboar. Vi får nyte kvar dag, for det er meldt minusgrader neste veke. Eg håper det er feilmelding, for blir det kaldt no kan mykje bli øydelagt, og då tenkjer eg på plantar. Eg har ikkje planta mykje, men her er ein del frå før som er kome vel langt for årstida. Kamera mitt funkar ikkje som det skal, så det er vanskeleg å få fine bilde å legge ut. Bildet av rabarbraen er bra, og den er såpass stor no at eg godt kan bruke den til syltetøy eller dessert. Eg har vatna den nesten kvar dag.
I dag har eg dessutan reinska opp litt i bedet ved garasjen. Det bedet var fullt av avblomsta "blåblomster". Kan ikkje gjere det heilt fint, for då kan det gå med diverse anna også.
Før eg gjekk ut i dag vaska eg grundig på bad og kjøkken; støvsuging av teppegolv får vente. Marit var ute og reinska ugras, så eg måtte ut og prate med henne, så kom den 2. Marit og det vart meir prat. Eg måtte også bort og prate med naboen som hadde ei rot som skulle opp. Treet var saga ned i fjor, men rota hadde godt feste. Eg er sjølvsagt ekspert på å ta opp røter også, har mange års erfaring med slikt. Eg har for det meste vore tilskodar, eg skal innrømme det. Rett nok tok eg nyleg opp ei rot, men det treet hadde velta og rota var delvis oppe frå før. No i kveld ser eg at rota til naboen er kome opp av hola, så eg lyt få greie på korleis det gjekk til.
Skrekk og gru-i dag fann eg ut at eg hadde brukt feil førenamn på ei dame som var med på møtet eg skreiv referat frå. Eg sende henne ei unnskyldning for eg rekna med det var for seint å endre noko når avisa skal kome ut i morgon. Men somme gonger er ein heldige. Eg plar aldri få tilbakemeldingar frå avisa, men i dag skreiv redaktøren ei hyggeleg helsing til meg og skreiv også at referatet kjem i avisa på tysdag -og då greip eg sjansen og fekk retta namnet frå Hilde til Berit, som dama heiter.
I tillegg til å luke har eg også vatna i dag. Marit og eg hadde tenkt oss ein tur nedover i dag, eg skal kjøpe bensin på kanna og så har vi andre ærend. Men vi utsette det til i morgon eller ein annan dag. Det er den bensinen det hastar med, for no er det alle rundt omkring som klipper plen.
Etter at eg hadde ete la eg meg ut på altanen med ei bok og då ringde det på døra. Eg kjende ikkje dama som stod der og akkurat då hugsa eg ikkje kven som skulle komme i dag. Det var ei av venninnene til Margrete, den gjengen ser enno for mitt indre blikk som småjenter - men dei er no 50 år minst. Ho kom med noko som Margrete skulle ha, og som Margrete hadde orientert meg om. 
No er det fredag igjen, og det er ikkje så lenge før eg sig ned i ein stol framfor TV-en med strikketøy. Eigentleg har e mest lyst å vere ute, men no kom eg på at eg ikkje har gjort spanskleksa mi enno. Cada dia! Eg er streng med meg sjølv.
Ønsker alle ei god helg! Og så er det 1. mai på onsdag! Og då møtest somme av oss på valen-"seieren vet vi at vi får!"




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...