fredag, april 12, 2019

Dagbok 2019: 12.april



Klokka er snart 18.30. Det er sol og fint vêr ute, men framleis litt kaldt. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, men halde meg inne og styrt med litt av kvart.
Eg venta Einar og Audun til middag i dag, så for ein gongs skuld laga eg mat. Gutane (eg skulle kanskje skrive mennene ?) kom til fastsett tid og vi kunne ete middag. Ikkje heilt uventa vart det kjøtt og kjøttkaker i brun saus. "Gamle folk skal servere gammaldags mat",  seier eg av og til- når det passar slik. Vi drakk kaffi og prata ei stund, før dei ville fare. Dei ville fare nedom grava, for Audun hadde ikkje sett gravsteinen før. Eg kunne ha vore med, men sidan eg ar der i går, stod eg over i dag.
Etter at dei var vekk rydda eg opp og sette på oppvaskmaskina og gjorde diverse anna husarbeid.
Så hadde eg ein liten "sagetime"-har ikkje blitt så mykje saging i det siste, etter at eg slo armen i "fallet". Innimellom  har eg vore på data, strikka etc. Og så skreiv eg ein omtale til avisa. 
Dagane går som ein røyk og ein får ikkje alltid "gjort" så mykje. Eg ringde til Anne Marie, systera til Nils og gratulerte henne med 84-årsdagen i dag-vi hadde mykje å prate om.
I går kveld ringde Ambjørg til meg, ho hadde fått sitt andre oldebarn, ei jente -broren er ca. 4 år no om eg hugsar rett. Ambjørg har berre to barnebarn, begge jenter, og den eine har no to barn.
Så må eg rette opp ein misforståelse. Eg skreiv om saging av plommetre og mange trur eg saga ned det treet, men det gjorde eg altså ikkje. Det var vinden som la det ned sist haust, og eg klipte og saga av kvistar og greiner, men den tjukkaste stammen greidde eg ikkje å sage med handsag, så den vart liggande over vinteren, til eg tok den med motorsag no. Som vi sikkert hugsar alle så regna det nesten heile hausten og så kom snøen. 
No har eg to gamle plommetre igjen, og eitt nyare. Reknar med at i alle fall det ein treet kjem til å velte i neste vindkast, så eg har planar om å plante minst eitt nytt tre.
Eg likar så godt å halde på med utearbeid, berre no knea mine held til over sommaren. Det som er rart er at eg verker om nettene når eg ligg i senga, men så blir eg ganske bra når eg står opp.
Fredagskveld er TV-kveld, så no skal eg snart parkere framfor TV-apparatet med strikketøy i hendene. Det går i lestar no, så då blir eg ikkje heilt hekta slik som når eg held på med større plagg. Strikkar eg ein lest per dag held det!
Så vil eg ønske alle ei god helg og sidan vi går inn i påskeveka: GOD PÅSKE !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...