mandag, mars 04, 2019

Dagbok 2019: 4.mars


Klokka er17.10, temperaturen er berre pluss 6 grader men sola skin frå nesten skyfri himmel, og varmar godt inne i huset. Eg treng ikkje andre varmekjelder så lenge eg har sol. Bildet av Mosmarka i ettermiddagssol, tok eg frå altanen nettopp. Der borte har dei nok sola litt lenger enn vi.
I dag har eg ikkje fått gjort så mykje her heime. Sjåførkurset tok til klokka 9, og eg for heimanfrå i god tid før. Parkerte på baksida av kulturhuset, så hadde eg gangavstand både til Bakk-Ola det kurset var og til Spar-butikken.
Det var eit kjekt kurs, dei fleste deltakarane var frå Volda, vi ørstingane hadde fått restplassane. Han som heldt kurset var flink, og eg likte godt at han anbefalte alle å kjøpe bil med automatgir, det skulle ikkje ha vore noko anna, sa han. Kurset varde frå 10-14 med ein matpause midt i då vi kunne kjøpe noko i kafeen.Vi skal ha kurs komande fredag også.
Eg handla litt på Spar, blant anna ein pakke kyllingsalat som vart middagen min i dag. Veldig kjekt å vert sjølvhjelpt med eigen bil.
Då eg kom heim tømte eg oppvaskmaskina, og så sette eg meg til å lese, men ville sovne heile tida. Skal sette i gang med enda ein genser så snart eg får klarsignal frå Margrete. Forstod det slik at Amanda skulle godkjenne fargevalet først. Skal kanskje strikke eit nummer mindre til Amanda, men er ikkje heilt sikker på det.
Var ein tur rundt huset og såg på alt som spirer og gror. Det poppar opp løkplantar over alt og krokusen blomstrar.
Det er ein vakker marsdag og Ingar sin fødselsdag. Vi er tre i storfamilien som har fødselsdag i mars, og så går det framover til 3.juli. Berre to har i oktober-november.
Det blir visst ikkje gjort så mykje med meg i dag, men eg dristar meg kanskje til å sette på ei maskin med klede.'
Krokusen blomstrar nedanfor tilbygget.

Det er vakkert med kvite fjell.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...