søndag, mars 03, 2019

Dagbok 2019: 3.mars

Klokka er 18.15, temperaturen ute er + 7 grader, og no regnar det igjen. På føremiddagen var det ganske bra vêr. 
Sidan eg rekna med å vere åleine i heile dag, planla eg å strikke ferdig Erlend sin genser. Vart eit par dagar forseinka sidan eg mangla garn, men hadde eg hatt garn kunne eg rost meg av å ha strikka to genserar på tre veker. No er genseren ferdig, men det står att å feste trådar og å vaske den. Så skal eg strikke enda ein-til Amanda. Dei tre islandsfararane skal ha like genserar i ulike fargar.
Tok ein liten biltur på føremiddagen, elles har eg vore heime. Styrte litt på kjøkkenet først på dagen, elles har eg strikka og høyrt radio, og chatta litt på data.
Seinare i veka får eg vere mykje sosial. Kurset i morgon er frå 10-14. Det samme på fredag. Angra litt på at eg melde meg på- men eg vart oppmoda til det.(Av ei veninne)
I går kveld strikka eg under heil MGP, men eg følgde no med. Mange fine songar i år synest eg. No er det slutt på ferien for dei som det har hatt. Rasmus og fam. er kome velberga heim frå Danmark, og i morgon fyller yngste guten 9 år. Han er yngst av alle barnebarna.
Har ikkje mykje å fortelle om i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.mai

Klokka er no 17.32. Temperaturen ute er +25 grader C, og sola skin. I dag har det vore varmt heilt frå morgonen av, så vi var ikkje heilt be...