onsdag, mai 09, 2018

Dagbok 2018: 9.mai

Klokka er 19.15, temperaturen er + 24 grader C og det er lettskya. Det var meir sol og varmare tidlegare i dag. Men det er eit herleg vêr.
I dag har eg ikkje vore så effektiv, har sosa mykje rundt og berre vasa.
Først på dagen rydda eg litt i huset som vanleg, så var eg ute og klipte med kantklipparen; med to skøyte-leidningar når eg heilt ned på grensa til naboen. Raka i hop litt av det eg klipte + litt frå bioklippen i går, så no ser her nokolunde bra ut-men ikkje heilt perfekt.
Fekk besøk av ei venninne som kom med settepoteter, så no får eg lage meg åker. Det blir det nok råd med.
Måtte ein liten tur på butikken, men resten får Solveig kanskje kjøpe før ho kjem innover på fredag. Det er somme ting som er litt for tunge å bere. Sette meg til å strikke då eg kom heim, og etterpå var eg ute i hagen ei lita stund men vart mest sittande å prate med naboen.
Eg har begynt på mønsteret på kofta mi, strikka under heile MGP i går, så det var ikkje mykje eg såg på TV-en, men eg høyrde no på musikken.
Einar er ferdig med jobben i Alta, han kjem heim i morgon; Audun er ferdig med Krigsskulen og kan titulere seg som MP (Militærpoliti). På sikt skal han til Nord- Norge, og Einar skal til Oslo. Det er tentamen- og eksamenstid overalt, og barnebarna leitar seg heim att. Og for folk i arbeid blir det mange raude dagar framover.
No skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet.

Det vart ein heller laber kveld. Var komen godt i gang med mønsteret på jakka mi, etter at eg i går hadde fått ermar og bol inn på samme pinne. Så fekk eg eit lite problem, som utvikla seg. Så det vart å demontere og rekke opp att. Men no er i alle fall bolen komen i orden att, ermane får eg ta sidan. Har brukt heile kvelden på denne operasjonen. Veldig festleg ! No vil eg ha MAT.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...