Klokka er 20.40, temperaturen er + 10 grader og det silregnar. Vi fekk to-tre fine dagar, men så art det slutt.
I dag har eg styrt med litt husarbeid på føremiddagen, fekk gjort det eg hadde tenkt å gjere. Prøvde å komme i orden med strikketøyet igjen, men det tek si tid å retteopp "alle feil ifrå i går"-må konsentrere meg når eg skal telje og få alt i orden igjen- og eg som var så godt i gang!
Så har eg vore oppe hos Marit i fleire timar, drukke kaffi og ete kake og prata. Vi hadde tenkt å sjå MGP i lag, men vi trudde det begynte klokka 20. Eg tykte det vart litt lenge å vere der utover kvelden, så eg sprang over gata og heim.
Marit er nesten åleine heime ho også, så då kan vi halde kvarandre litt med selskap.
No skal eg sette meg inn til TV-en
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: fredag 11. september
Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar