tirsdag, mai 22, 2018

Dagbok 2018: 22.mai



Klokka er 20.00, temperaturen er + 14 grader C. I dag har det vore overskya og ikkje så fint som det har vore no ei stund. Men det har ikkje regna. Det er no bra med tanke på maling av hus. Einar kom kl.14.00 og måla nesten heile garasjen. Det som står att er øvste delen i begge endar. Når vi startar med garasjen er det fordi det kjem til å vekse opp blomkase ved sørveggen, anten eg vil eller ikkje, den har sådd seg sjølv i årevis. Så snart målinga har tørka godt, må eg lage til bedet.
Fargen vi målar med denne gongen heiter "Mørk rubin" -eg tok den ut frå eit bilde og Øystein  sjekka- og kjøpte målinga. Eg er veldig nøgd, så langt. Ville ha ein litt mørkare farge enn før, for måling har ein tendens til å falme litt etter kvart. 

Før Einar kom baka eg brød og stelte i hagen. Dessverre er eg ikkje i storform, så eg må begrense meg litt når det gjeld hagestellet. Det er kneet som plagar meg. Det er ikkje så gale, men eg torer ikkje å legge ut på lange gå - turar.
I dag laga eg middag til Einar og meg, prøver å bruke av matlageret mitt, men det er eitt og anna eg manglar. Einar baud til å køyre meg på butikken, men eg var ikkje klar for å handle i dag.
Elles har eg strikka litt og lese i lydboka mi. Held på med siste kapittelet no.

Øyvind har klatra høgt opp for å demontere den høge hengebjørka


Eg får ikkje til å skrive noko under bildet av boka. Det blir berre rot. Solveig har skrive om boka før, og eg vil berre legge til at eg synest boka var tankevekkane og god. Opplesaren var veldig god. Anbefalt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...