mandag, mai 21, 2018

Dagbok 2018: 21.mai


Klokka er snart 18.30, og enda ein dag går over i historia. Tida går så altfor fort. Det har vore nydeleg varmt vêr og sol i dag, men akkurat no kom det litt skyer. Ei lita regnbyge hadde gjort seg, for no er det veldig tørt ute. Eg har vatna litt både her og der, men det må nok meir væte til om alt skal vekse -t.d. graset. Akkurat no er det + 22 grader på trappa. 
Eg hadde gledd meg til å vere mykje ute i dag, men først måtte eg strikke ferdig siste knappestolpen på jakka, slik at Audun kunne få den med ut til Solveig, som er montør. Eg var ferdig i 11 tida eller vel det. Så hadde eg eit ærend ned i kjellaren - og kva ser eg der ? Fryseskapdøra litt på gløtt og fyseskapet fullt av is! Det er ikkje så lenge sidan det same skjedde - og eg hadde ikkje tenkt å avise skapet før det hadde gått ei år eller så. Men eg hadde ikkje noko val, det var berre å starte opp att med varmevatn,  vifteomn, hårføner og kniv m.m. Men det gjekk relativt fort og greitt. No har eg teipa døra att med gaffateip, det er ein metode eg har brukt på kjøleskapet i kjellaren før. Saka er at alle frysarane mine er fulle- så her må det etast unna!
Eg venta Audun i 14-15 tida og han kom og vi drakk kaffi i lag. Heldigvis hadde eg tinte kaker! Ha! Ha! Han skal reise tilbake til Oslo i kveld med nattbussen.
Etter at han hadde reist ut att til Hareid, måtte eg mosjonere litt. Så no har eg tatt opp kvar ei einaste løvetannrot på heile tomta-dvs. alle eg fann. I fjor tok eg løvetannen før eg begynte å klippe plen, det var i grunnen veldig lurt.
Det er i grunnen altfor fint ute til å vere inne, så eg skulle kanskje hatt eit "spøt"- blir vel lestestrikk igjen no?
Eller skulle eg heller lese litt i lydboka som eg har halde på med uendelig lenge. Eller kanskje eg skulle lage meg litt saltmat ? Eg kan bestemme sjølv....Forresten-eg må finne ut korleis eg skal få ladde batteriet til drillen. Det må eg gjere først.

NB: Når eg ikkje går tur etc. er det fordi kneet ikkje er heilt i form. Fekk eit lite tilbakefall. Dessverre.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...