søndag, mai 13, 2018

Dagbok 2018: 13.mai

Klokka er 18.50, temperaturen er no +21 grader C, tidlegare i dag var det varmare,ca 25 gradr. Det har vore klårt og stålande sol heile dagen
Gjestane mine reiste før klokka 10.00 og kom heim til Solund utpå ettermiddagen. Det var kjekt at dei tok denne turen også, for då dei var her i gravferda vart det ikkje så mykje vi fekk snakke med dei.
Etter at gjestane hadde reist, rydda eg opp i huset, sette på klesvask og oppvask etc. Fint vêr å tørke klede ute i dag, så no har eg fått stroke det meste og fått det på plass. Ikkje det at det hasta, men det høvde slik i dag.
Elles har eg slappa veldig mykje av i dag, har lege på solsenga medlydbok, og sove for det meste. Det gjorde sikkert godt, for det har vore så som så med søvnen i seinare tid.
I dag kokte eg mandelpoteter til middag og åt dei med spekeskinke til. Det resulterte i mykje brusdrikking på ettermiddagen. Kakene frå i går skal få stå i frysaren til her er fleire å dele på, eg har fått nok for ei stund.
No hadde eg eigentleg tenkt å strikke litt utover kvelden, men eg har vore litt uheldig i påføring av solkrem, mykje hamna i augene og på brillene. Det kan vere at eg tek ein tur og ser på skogryddinga i staden.
Eg gjekk ut til ytste brua, og tok bilda på heimvegen. Det er uante mengder med grantre som har gått med, og dei idylliske stadane rett" ova i garden" har gått tapt. Men på den andre sida lysnar det i skogen.




Her er eg på bru nr. 2, der vi gjekk opp til Åsmundmarka.




Starevegen i kveldsol. Under: Finaste skråninga mot vegen


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...