søndag, mai 13, 2018

Dagbok 2018: 12.mai


Klokka er blitt 1.10, temperaturen er + 6 grader. Det har vore ein fin dag med sol og bra temperatur.
Dagen i dag har vore spesiell, sidan eg har vore i konfirmasjon til yngste guten til Margrete. Rett etter frokost la eg siste hand på verket -dvs. kakene eg hadde laga. Som vanleg var eg redd for at det skulle bli for lite kaker, og som vanleg hadde eg mykje med meg heim att. No står dei i frysaren igjen.......
Seremonien på kulturhuset var fin, Erlend hadde sjølv valt å konfirmere seg borgarleg,
Vi tok 15.00 ferja til Folkestad og kom i god tid til selskapet på grendahuset på Straumshamn. Margrete og Lars hadde bede slektningane sine og i tillegg var der venner til Erlend og diverse naboar. Trur vi var ein plass mellom 50og 60 gjestar. Margrete heldt tale, Amanda song og Lars og gutane spelte. Allsongen gjekk det heller litt trott med. Det var en fin dag.
Då vi kom heim att her var det MGP, den verste ever etter min smak, men det kan hende både eg og smaken min er ute på dato.
Gjestane mine skal reise i morgon etter frokost. Det har vore kjekt å ha slekta til Nils på besøk. Mine eigene nære slektningar er så nær at dei kan eg nå tak i når eg vil.
Konfirmanten og bestemødrene


Konfirmanten med søstrene , mor og far. Broren rakk ikkje heim til feiringa.

Mor og son.







1 kommentar:

Hildegard sa...

Flotte bilder av konfirmanten og familie, kjekt når det er så fint ver at ein kan ta utebilder. Det var ein kjekk konfirmasjonsfest med nydeleg mat og koseleg prat.
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...