torsdag, februar 08, 2018

Dagbok 2018: 8.februar

Klokka er 21.40, temperaturen ute er + 4 grader, så is og snø smeltar, i alle fall litt. I kveld gjekk eg heim att utan broddar, men det er langt ifrå bert her i Starevegen.
Eg gjekk heim litt tidlegare enn vanleg i kveld. Nils var ikkje i vigør i dag, han hadde hatt vondt i magen sist natt og sove lite, så han var trøtt. Han fekk seg ein skikkelig lang middagslur i dag, utan at han kvikna så mykje til av det. Han har hatt slike dagar og kveldar mange gonger før, men no hadde vi hatt mange fine dagar. Håpar det rettar seg opp att denne gongen også. Han åt ikkje så mykje middag i dag, det er ball kvar torsdag, både legen og eg synest det er vel ofte. Men det er visst skikk og bruk her i Ørsta/Volda-i alle fall på kafeane.
Han var no såpass i form at vi kunne sjå TV i lag, men han hadde ingen ting imot at eg gjekk klokka 21-for han ville sove.
Føremiddagen i dag brukte eg til å strikke ferdig ein lest, bere inn ved og støvsuge. Eg kan ikkje gjere alt eg vil, for høgre armen protesterer. Eg tok vegen om Kiwi/ASKO då eg gjekk ut til Nils. Kjøpte med meg litt frukt. Noko anna er det ikkje vits å ha med seg.
I dag er det 2 mnd. sidan han flytta ut på Heimen, tida går fort uansett når ein er gammal.
Det blir ikkje tidleg eg legg meg i kveld for jammen fekk eg ein bra middagslur eg også. Men eg åt ikkje ball i dag, så eg lyt finne meg litt saltmat. Her går det mest i brødmat.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...