onsdag, februar 07, 2018

Dagbok 2018: 7.februar

Klokka er 21.58er så vidt under 0 grader C og det har kome meir snø mens eg var på Heimen.No er det opplett. Sist natt hadde det også kome litt snø, så eg måtte ut og mòke litt, noko som armen min ikkje likte. Eg trudde den var blitt bra-men ikkje heilt.
Elles så baka eg brød før middag, skreiv eit referat etc. Sleit meg ikkje ut akkurat. Gjekk utover til Nils før klokka 15, og var der til ca 21.30. Sjølv om vi har berre eitt rom å vere på og Nils ligg i senga, så går tida fort. Nils fekk middag kl.16.00, eg fekk kaffi og kake. Etterpå sov vi litt middag, og så kom Margrete innom. Ho hadde vore på politisk møte i Honndalen i dag, og skulle plukke opp Erlend, som var på musikkøving på Kaihuset i Ørsta. 
Ho hadde med ei litt artig gåve til Nils, i staden for blomster, som ho sa. Det er ein stein som er måla ein fugl på, ei kjøtmeis. Den er mykje finare enn på bildet som eg har tatt med mobilen min. Og det som er mest spesielt er at Nils kjenner godt mannen som har måla motivet. No har eg sett steinen i vinduskarmen, slik at Nils kan sjå den frå senga.
Nils hadde det etter måten bra i dag, han åt opp all maten sin, og var ikkje trøttare enn normalt. I kveld hjelpte eg han med barberinga, og diverse anna kveldsstell. Eg trur han set pris på at eg "legg" han før eg går. Vi såg første delen av "Farmen kjendis" - eg tek opp serien her heime, så no skal eg snart sjå andre delen.
Og så får eg finne meg litt mat. Skal ikkje skjule at det går mykje i brødmat, og i kveld har eg godt heimebakt brød.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...