fredag, februar 09, 2018

Dagbok 2018: 9.februar



Klokka er 22.40, temperaturen ute er + 2 grader C, på dagtid var den oppe i +5.
Eg gjekk frå heimen litt før klokka 22 i kveld, så det er ei stund sidan eg kom heim. Måtte sette i vatn den fine morsdagsbuketten med tulipanar som eg fekk av Solveig først, og så måtte eg inn på FB og "krangle" litt.....og så går tida. Skulle hatt eit bilde av tulipanane, men dei treng å komme seg litt etter transporten.
Nils ringde heim på føremiddagen i dag, og sa at han hadde kome seg til att. I storform er han ikkje , men han hadde det rimeleg bra i dag. Eg gjekk heimanfrå i 15-tida så eg kom før han hadde ete middag. I dag var det lapskaus, og det var lett å ete. Han åt opp flatbrøda han fekk til, også, og så fekk han fruktsalat til dessert. Dei får stort sett god mat. Eg er hos Nils mange timar for dag, men tida går fort. I dag var det berre han som sov middag, eg las lydbok. Og så blir det mykje TV !
På føremiddagen i dag sat eg og strikka ei stund, men fann ut at armen var bra nok, så eg vaska ned badet, tak, vegger og golv. Eg var ikkje heilt nøgd med jobben eg gjorde, men alt er betre enn ingen ting.
Solveig kom innover ein tur, og sidan eg ikkje skulle handle i dag, kom ho berre ei snartur opp på Heimen. Audun er heime denne helga.
I morgon har Margrete invitert meg med på kafé, i høve morsdagen. Då får eg handla litt med det same. Det er alltid noko ein treng. Eg et ikkje når eg er på Heimen, så eg må ha meg litt mat når eg kjem heim.
Der var så mykje tulipanar at det blei til ein bukett på kjøkkenet også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...