mandag, februar 26, 2018

Dagbok 2018: 26.februar




Klokka er ca. 13.00. Temperaturen er + 3 grader, men det er sol og strålande vêr; sola varmar betre inne i huset enn ute.
Eg var låk i ryggen og føtene i dag også, men eg fann ut at eg fekk prøve meg på litt husarbeid likevel. Eg fekk vaska og støvsuga alle golva, noko det var eit visst behov for.
Eg snakka med Nils i telefonen i 11-tida, då sat han og strevde med å få i seg frokosten. Han var ikkje i form, hadde hatt ei dårleg natt, og fått ekstra medisin. Eg skal ut til han om ei stund, men først må han få kvile seg ut og sove. Så får vi håpe han kviknar til att denne gongen også .Eg kunne godt ha vore der ute meir, men han blir sliten av meg også, så eg går som regel ut i 15-16-tida og blir der til han vil legge seg å sove.
Vinterferien er slutt på våre kantar, men denne veke har dei ferie på Kongsberg. Rasmus og familien skulle ein liten tur på hytta i Telemark, ikkje stort meir enn ein time å køyre frå Kongsberg. Ingeborg kom seg vel heim til Oslo i går. Eg prøver så godt eg kan å følgje med på kvar alle i familien er.
No skal eg lage meg litt mat som liknar på middag før eg legg ut på vandring. Vêrbilda er særleg tiltenkt dei av naboane som er på GC.



Klokka er no blitt 22.15, temperaturen er minus 6 grader C, og det er berre ei lita stund sidan eg kom haltande heim, med stort møye. Det er vondt å gå, med vondt kne og verst er det nedover. Men "beina kom heile heim" i kveld også.
Og det som var ekstra kjekt i kveld var at Nils var i bra form. Då eg snakka med han i telefonen tidleg på dag, var han veldig negativ. Saka var at han hadde verkt så veldig i ein arm/skulder i natt at han måtte få ein tablett ekstra, meir dramatisk var det ikkje. Men tabletten virka vel sløvande utover føremiddagen.
Han fekk middag ei lita stund etter at eg var komen, og så kvilte vi middag begge to. Eg har med meg lydbok, så det hender at eg dett ut av og til. Etterpå såg vi TV, prata etc. Olaug jr. ringde og Nils ville snakke med henne i dag. Han føler vel på at han ikkje har så mykje å snakke om, men det er no kjekt at han høyrer i alle fall.
Vi får sjå berre NRK 1 og 2 på rommet no. Dei andre kanalane er kryptert-kva no det kan bety. No er eg svolten og må gå på jakt etter mat - har 4-5 frysarar så eg finn vel litt. I morgon skal Marit og eg på Spar og hamstre mat. Det ser eg fram til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...