Klokka er no 21.30, temperaturen er + 1 grad C og ute sluddar det. Håper snøen smeltar stort sett etter kvart. Eg vakna med verk over heile kroppen i dag, men no er det berre høre foten som trøblar litt, så eg blir kanskje bra? Greidde i alle fall å gå ut på Heimen og heim att i dag også, og brukte ikkje lenger tid enn vanleg. Tok det veldig med ro på føremiddagen; Marit kom ned og heldt meg med selskap, det var kjekt for vi har ikkje snakka så mykje med kvarandre i det siste. Vi har halde avstand fordi dei har hatt influensa i huset.
Nils ringde heim før middag og fortalde blant anna at han hadde fått dusja. Det set han pris på, men han blir også veldig sliten på "Dusje-dagar". Då eg kom ut til vanleg tid, var han akkurat sovna, så eg vekte han opp att. Litt seinare kom Margrete og Ingeborg. Ingeborg ville seie ha det til morfaren før ho reiste tilbake til Oslo med flyet som gjekk 17.40, om eg ikkje husar feil.
Då vi vart åleine fekk Nils seg ein god blund, og eg hadde lydbok med meg, så eg hadde underhaldning.
Seinare fekk han kveldsmat, og så fekk eg barbere han, litt klarer han sjølv, men eg må ta over meir etter kvart. Han hadde ikkje vondt, han var klar i toppen, han høyrde, men var veldig trøtt og slapp, så eg gjekk litt før klokka 9, og då fekk han siste tablettane, så han fekk legge seg for natta. I går hadde han ein kvikkare dag, så det varierer. frå eine dagen til den andre.
I dag hadde eg med meg brettet og ei av pleiarane fekk det til å virke med ein gong-eg prøvde ikkje ein gong- kanskje eg hadde fått det til sjølv?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Flott du har fått til brettet!
Legg inn en kommentar