lørdag, februar 24, 2018

Dagbok 2018: 24.februar


Margrete med sine fire barn i fjøra nedanfor huset hennar.

Klokka er 22.10, temperaturen er 0 grader C, det er overskya og opplett.
I dag må eg få syte og klage litt over mi eiga helse. Eg sat nede på legekontoret sist torsdag og skrytte til legen og sa at eg var frisk og sprek som aldri før. Slikt kan straffe seg ! Plar rett nok vakne med vond rygg, men det plar gå fort over. I går og i dag har eg verkt både her og der, mest i ryggen og høgre kneet . Eg sa det til en av sjukepleiarane i dag, og la til at no er det berre å belage så på kraftig nedbør. Ho sa at ho hadde ein reumatisk mann som hadde det slik -og han verkte over heile kroppen no. Så får vi sjå om vêrmeldinga slår til.
Det vart ikkje til at eg fekk gjort særleg mykje i dag før middag, vart sittande mykje framfor PC-en etc. Eg fekk besøk av ein mann som har lånt fiske-lina til Nils, han kom att med lina + vakuumpakka lange til meg. Han hadde lyst å besøke Nils men visste ikkje om det passa, og kva tid som var best. Mens vi stod på trappa ringde Nils, og han var klar for besøk. Kjekt for han å få "prate fisk". Eg halta av garde til vanleg tid, det stod ein nabo klar til å køyre meg, men eg sa at eg ville ha mosjon og frisk luft, så eg ville gå.
Det var bra med Nils i dag, og no høyrer han såpass at vi kan prate vanleg-utan at eg må rope. Etter at vi hadde drukke kaffi, ringde han til Rolf, bror sin, no når han høyrer kan han snakke i telefonen også. Seinare kom Eirik innom for å ta farvel. Han skulle spele på ein restaurant i Volda i kveld, og i morgon reiser han "heim" til Trøndelag. Ingeborg kjem sikkert ein tur på Heimen  i morgon før ho reiser tilbake til Oslo.
Eg kom meg heim att for eiga maskin i kveld også. Turen frå Heimen og hit tek litt over 20 minutt-og eg heldt ruta i kveld også. Gjekk frå Nils vel halv ti, då var han trøytt og ville sove. Eg er trygg når har er der ute, og dei steller godt med han.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...