tirsdag, februar 27, 2018

Dagbok 2018: 27.februar


Klokka er 15.00, temperaturen  er + 1 grad, men sola skin. No skal eg om ei lita stund ut på vandring-ut til Nils.

Klokka 21.30, minus 8-9 grader C. Eg kom nettopp heim, men det vart ein dramatisk heimtur. Som kjent har eg  vore låk i høgre kneet nokre dagar, men eg greidde å GÅ ut til Nils i dag også, og eg begynte på heimvegen. På fortauet nedanfor heimen skjedde det. Eg kan ikkje forklare det, men det var som om kneet skleid ut og eg vart ståande utan å kunne røre meg. Og det var vondt! Heldigvis hadde eg mobilen, så eg fekk ringt til Marit som sende Even for å hente meg! Og han køyrde meg heim. No kjenner eg ingen ting-så lenge eg sit i ro. Men på sikt må eg vel til lege og på røntgen. Det hadde ikkje vore så dramatisk viss Nils hadde vore frisk, men eg føler at eg vil vere hos han kvar dag. 
Han hadde ikkje vondt i dag, men han var slapp og trøytt, så eg gjekk då klokka var 21-då ville han sove. Men om han ikkje har det direkte vondt, så har han det ikkje så kjekt heller når han blir liggande i ei seng utan å kunne komme seg derifrå. Så det trengst at eg er frisk- og kan komme på besøk. Eg var dårleg i går også, men då greidde eg å komme meg heim for eiga maskin. Ja, ja, det blir vel ei råd. Eg greier å gå på golvet, og eg verker ikkje når eg er i ro. Og no skal eg ha meg mat!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...