onsdag, februar 28, 2018

Dagbok 2018: 28.februar.

Rasmus og fam. har vinterferie. Dei er på hytta. Her er Eivind, Ingar og bestefar Arne.

Klokka er 21.05, temperaturen ute er minus 10 grader C, eg vart litt sjokka då eg såg det, for eg trudde ikkje det var SÅ kaldt. Fint vêr har det vore i dag også. Og elles har det vore ein litt spesiell dag.
Noko av det første eg gjorde i dag var å ringe legesenteret. Tilfeldigvis hadde fastlegen min fri i dag, men eg fekk time hos ein lese som tek "øyeblikkelig hjelp"- pasientar klokka 11.15. Bad også om taxi, som kom presis. Eg greidde å komme meg ut i bilen veg hjelp av rekkverket på trappa og eiga kraft. Fekk taxien til å køyre heilt til døra på legesenteret, så då greidde eg å gå inn. (Eg er ganske rutinert når det gjeld slike ting no, sidan eg har vore med Nils så ofte) Så veldig "øyeblikkelig" vart ikkje hjelpa, for det var fleire som hadde behov for hjelp. Klokka vart 13 før eg slapp til, men eg fann diverse hyggelege damer å prate med, både kjende og ukjende.
Kom in til ein ung hyggelig lege, som undersøkte kneet mitt ganske grundig, og konstaterte at der ikkje var noko som hadde slitna inni, sjølv om det kjendest slik ut. Men eg skulle få komme på røntgen i løpet av ei veke-i alle fall.
Då eg skulle heim kom dottera til ei eg kjenner på Vallabøen og skulle køyre mora heim, og så tok dei med meg også, og køyrde meg til Ørstaheimen. Dottera gjekk i klassen til Margrete så henne kjende eg frå før. Masse kjekke og hjelpsame folk !
Nils visste ingen ting om heile hendinga før eg kom dit, eg tykte ikkje det var om å gjere at han bekymra seg på førehand. Hadde ikkje sete der lenge før dei ringde frå Volda sjukehus og sa at eg kan kome på røntgen i morgon klokka 10.15. Så her går det unna! Eg ringde på legesenteret og bad dei skaffe taxi, då samlar dei opp om det er fleire som skal bortover. 
Eg verker både her og der, og er slett ikkje bra i kneet, men eg tigga smertestillande på Heimen, så eg stod han av. 
Snakka med Solveig i telefonen og ho fortalde at Håkon var der ute, og kunne komme og hente meg å køyre meg heim. Og det gjorde han. 
Og Nils var i bra form og vore vaken i heile dag. Han hadde to besøk i tillegg til Håkon og meg.
No skal eg sjå til å finne meg litt mat, kunne fått mat på Heimen, men eg vil helst ete heime, så eg har ikkje ete sidan frokost.
Marit kom ned med nokre krykker som dei hadde, dei gjekk eg rundt med tidleg på dag, i går brukte eg ein krakk som eg bar rundt på. No skulle eg hatt rullatoren som Nils hadde, men den har eg levert tilbake til Hjelpemiddelsentralen.

2 kommentarer:

bodilingeborg sa...

Trasig at du skulle få plage med kneet ditt og det var bra at du kjem raskt på røntgen. Ein kan vel ikkje skulde på kulden heller, men det har sikkert ikkje vore bra at du har gått og passa deg for ikkje å skade deg på glatte vegar i vekesvis. Ønskjer deg god betring.

Besta sa...

Takk for det, Bodil Ingeborg!. Nei eg har ikkje "passa" meg så veldig, men eg har gått mykje med broddar - og i det heile tatt gått mykje meir enn eg er vand til.

Dagbok 2021: 23.juni

Klokka er 15.05, temperaturen ute er + 17 grader, men eg synest det er litt kaldt. Det er litt tidleg å skrive blogg, men eg hadde pause no...