torsdag, mars 01, 2018

Dagbok 2018: 1. mars



Vi har sol i stova heile dagane no. Den varmar godt, men orkideane må skjermast.


Klokka er 13.10, temperaturen er minus 3grader C og det er nydeleg vêr i dag også.
Eg sov ikkje godt sist natt, er ikkje vant til å passe tida når eg er åleine, så hadde på to-tre vekkerklokker, eg vakna lenge før dei ringde.
Hadde god tid til å ete og gjere meg klar, og taxien kom berre fem minutt for seint. "Er det berre eg som skal vere med?" spurde eg. "Ja, vi plukkar ikkje opp fleire når det er berre ned på Legesenteret" var svaret. "Men eg skal no til Volda!". Då måtte han ringe opp Pasientreiser, det var dei som hadde gjort ein feil. Eg fekk altså taxi åleine til Volda. Då eg skulle heim att viste det seg at dei ikkje hadde bestilt retur, så det vart ekstra lenge å vente. Taxi åleine heim att også og i tillegg ein hyggelig sjåfør. ølte meg nesten som ei dronning. Eg har vore med på mange slike turar, men då som pårørande. I dag var eg pasient, og det var annleis. Ikkje at eg kvir meg til å ta nokre røntgenbilde-akkurat det har eg gjort mange gonger. Men til ei forandring var det lenge å vente i dag. Først var eg inn til ein utlending som tok bilde av kneet mens eg stod, så måtte eg ut att på venterommet og vente til ein annan skulle ta bilde av skjela, då låg eg på ein benk. Meir dramatisk var det ikkje og eg greidde fint å gå på foten i dag. Faktisk verkte skuldra meir, men den skal eg ikkje bruke når eg går.
Eg ringde til Nils då eg kom heim, det var avtalen. Han hadde dusja og stelt seg i dag, noko som gjer at han bli ganske sliten. Så han ville eg skulle ta det med ro og ikkje stresse med å komme utover, men får eg ein sjanse, så skal eg ut. Han hadde det bra no. Eg skal finne meg litt mat og så skal eg slappe av litt. Har fått ved i hus, for eg må sikkert fyre opp i kveld.
Klokka er no 19.15, temperaturen er minus 10 grader C.
Eg lata meg ei god stund i dag, for eg tok ikkje sjansen på å GÅ ut til Nils, må vente litt og sjå korleis det går med kneet. Det verker i alle fall ikkje når eg sit i ro.
Marit tilbaud å køyre meg ut, og eg bad henne vere med inn til Nils ei stund, for eg ville ikkje sette meg til heile kvelden utan å ha skyss heim. Det er veldig tungvint å ikkje køyre sjølv. Men Marit var grei, vi besøkte Nils ei lita stund, og køyrde heim før det vart mørkt. Det er litt rart å vere så mykje heime, eg er ikkje vant til det Nils hadde det bra, og han får godt stell sjølv om ikkje eg er der.Men håper på at eg skal komme på beina igjen snart. No har eg hatt ei lang telefonsamtale med ei venninne, og så får eg kanskje lese ut boka mi? Strikketøy er eg ikkje så ivrig med på grunn av arm/skulder. Det er mykje som ikkje funkar så bra for tida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...