torsdag, februar 01, 2018

Dagbok 2018: 1.februar

Klokka er 22.10, temperaturen er minus 3 grader C og det er nydeleg måneskinn ute. Det er ca eit kvarter sidan eg kom heim. Eg gjekk med broddar i dag igjen, for sjølv om det er bert i elvavegen, er det is andre stader. Var hos Nils frå ca. 15.30-21.30. Tida går fort, merkeleg nok. Eg hjelper han med diverse,  i dag las eg lydbok mens han sov middag og så såg vi TV, som vanleg. Det er ikkje så store forandringar frå dag til dag når det gjeld tilstanden til Nils. Han er nokså slapp, blir lett trøtt, men han klarer seg etter måten bra.I dag tidleg hadde han vore i storform, men så vart det dusjing, og då vart han sliten. Det skal ikkje mykje til.
I går kveld fekk eg høyre at nokre av naboane hadde fått influensa, og det galdt også ein som var vaksinert. Eg vart sår i halsen med ein gong. Eg er så redd for å bli sjuk, for då kan eg ikkje gå ut til Nils. Vi er vaksinert begge to, så vi ville vel ikkje blitt så veldig sjuke, men eg har ikkje høyrt noko om epidemi på Heimen heller, i fjor var det heilt Texas der ute. Men eg er verken sjuk eller forkjøla -i alle fall ikkje enno.
Føremiddagen brukte eg m.a. til å vaske "ned" vindfanget. Det kan virke som om eg begynner i feil ende når eg vaskar, men eg har mine grunnar. Målet er å få heile huset på stell før hagesesongen.
Hadde to hyggelige telefonsamtalar, den eine med ei venninne, den andre med kusina mi på Skedsmokorset. Der heldt dei på å snø nede, ho meinte dei no hadde to meter snø på flat mark. Minner om Ørsta i "gamle dagar".
Bilda tok eg med mobilen då eg gjekk nedover i dag, langs Vikelva. Det var nesten sol her i stova vår i dag, det var berre skyene som hindra den å komme inn.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...