fredag, februar 02, 2018

Dagbok 2017: 2.februar

Klokka er 22.45, temperaturen er minus 6 grader C og no er det måneskin. Nydeleg vêr og sol i heile dag, til oss kom den kl.9.55, og eg gjekk heimanfrå før den var borte.
Eg vart litt tutlete i dag, eg hadde diverse på programmet som eg hadde tenkt å gjere, men så svikta høgre armen meg. Eg plar skryte av at sjølv om eg har dårleg rygg og vondt i hofta, så er armane heilt i orden. Det stemmer ikkje lenger.
Eg hadde tenkt meg til Vik i dag, og lurte på å nedover, men så fekk eg melding frå Solveig at ho hadde tenkt seg innover, så då vart det til at eg gjekk ut til Nils litt tidlegare enn vanleg, og så henta ho meg der. Ja, sjølvsagt kom ho også for å besøke faren.
Med seg hadde ho mellom anna jakka mi, den som eg strikka nesten ferdig før jul, men gjorde ferdig for eit par veker sidan. Ho hadde montert den; strikka knappestolpar, sydd i knappar, festa trådane og vaska jakka. Ferdig til bruk med andre ord. No hadde eg tenkt å strikke ein genser også, den skulle eg gjere ferdig sjølv, men så spørs det korleis det går med armen-akkurat no kan eg ikkje strikke lestar ein gong. Eg har fått så lyst på klede med fargar på, så heretter blir det ikkje så mykje grått - trur eg.
Solveig og eg for på handletur, det var diverse tunge ting som mangla i heimen, som det var  godt å få i hus. Etterpå køyrde ho meg ut att til Nils før ho for heim. Eg var hos Nils til klokka var 22, vi såg TV og kosa oss. Han har hatt ein god dag i dag, følte seg nesten frisk, sa han. Det er godt med slike dagar innimellom. Då eg kom utover i dag hadde han besøk av eit nabopar.
No må eg få på plass varene vi har kjøpt og rydde opp litt. Det blir aldri til at eg legg meg tidleg. Ønsker alle ei fin helg!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Jakka blei fin. Gratulerer med ferdig strikke-prosjekt!
Eidabesta

Dagbok 2024:12.mai

 Klokka er no 18.45, temperaturen ute er ca 20 grader C, det er delvis skya og sol. Eg trudde det var heller kjølig på føremiddagen då eg to...