onsdag, januar 31, 2018

Dagbok 2018: 31.januar

Så er vi komne til siste dagen i januar-den drygaste månaden i året; februar er kort og så går tida som ein røyk. For min del kunne tida godt ha tatt det litt meir med ro.
No er klokka 22.15, og det er 20 minutt sidan eg kom heim. Temperaturen ute er + 1 grad, men slapset på Starevegen hadde frose til is att, men det gjekk fint å gå utan broddar.
Eg la meg seint i går kveld, men vakna tidleg i dag likevel. Enda eg ligg godt og varmt i senga mi, vaknar eg av at eg verker i rygg, armar og skuldrar. Eg prøver å ligge ei stund til, men det einaste som hjelper er å stå opp og komme i bevegelse, då er eg fort bra.
Men eg var trøtt og arbeidslysta var laber i dag, så det tok tid å komme i siget. Men for at eg skulle få gjort litt, tenkte eg at eg kunne ta ned bilda på "barnebarnveggen" og tørke støv av dei. Det gjorde eg fort, og sidan bilda var nede fekk eg vaske veggen, og sidan eg først var i gang vaska eg dei andre veggane også.
Dei vaksne barnebarna likar enno å sjå dei gamle bilda av seg sjølve, så eg tek dei ikkje ned. Teikninga av Nils og meg er det Håkon som har laga, ca 1 mnd. før han fylte 4 år. Nils er den breie-eg den smale. Einar har teikna Zorro. Det kan verke litt rart at eg driv med nedvask no og ikkje ventar til våren. Grunnen er ganske enkelt det at når våren kjem har eg tusen ting å gjere ute. Etter at eg hadde vaska ferdig, ringde Margrete, ho ville komme bortom ein tur, og så køyre meg ut til Nils, ja, ville sjølvsagt besøke han ho også.
Ho blei litt forseinka, så Nils var nesten ferdig med middagen då vi kom. Men han var i bra form i dag. Han sov berre ein liten middagslur-eg sov ikkje i det heile tatt. Han har eit handikap med at han høyrer dårleg, kva grunnen kan vere er ikkje godt å seie, derfor er det litt vanskeleg for han når det blir fleire som pratar. Men det er ikkje noko som feilar han i hovudet. Han held seg godt informert om det som skjer i verda. Han har mykje selskap i TV-en. Vi hadde ein fin kveld, og det var kjekt at Margrete også kom på besøk.

I

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...