tirsdag, januar 30, 2018

Dagbok 2018: 30.januar

Klokka er 22.20, temperaturen ute er + 2 grader og det regnar bittelite grann. Vegane er neste berre, men gangvegar og fortau er slapsete. Eg kom nettopp heim att frå Heimen, gjekk heimanfrå ca. 14.30, så eg er vekke det meste av dagane. Derfor blir det ikkje gjort så mykje heime.
I dag fekk eg endeleg vaska bak og under kjøleskapet. Før, då Nils var frisk, var vi to om å dra kjøleskapet fram, vi sette det på  ei plate av papp for ikkje å lage riper i golvet. No har eg gått og tenkt nokre dagar, og fann ut at viss eg tok ut alle skuffene i frysedelen og dei to i kjøledelen, ville det ikkje bli så tungt. Eg prøvde og det gjekk heilt fint, men papplate og det heile. Og det var verkeleg behov for vask. Kva tid eg skal vaske ned heile kjøkkenet har eg ikkje bestemt. Det er fort gjort, for skuffer og skap tek eg etter kvart-etter behov. Det blir ikkje mykje husarbeid når eg er åleine-men så har eg ryddeprosjektet. 
I går laga eg middag til meg sjølv, og sidan det var nok sild og rabbestappe til eit måltid til, vart det middag i dag også. Kokte poteter til og med. Eg kjøper frosen Coop-sild, den er akkurat passe salt, slepp å vatne den, og slepp å drikke etterpå. No har eg ikkje tenkt å begynne med å lage middag KVAR dag. I dag vart eg så døsig etter å ha ete meg så mett, at eg hadde meir lyst å sove middag i godstolen enn å gi meg på vandring.
Men eg gjekk likevel, i dag tok eg turen om Kiwi, for eg skulle kjøpe roser. Kjøpte ikkje i går for eg trudde dei fekk inn blomster på tysdagar. Eg spurde i dag, og då fekk eg vite at det er mandag og torsdag dei får inn blomster. Kan vere greitt å vite.
Kom ut til Nils før han fekk middag og sat der mens han åt. I dag fekk han kjøttpudding med brun saus, grønsaker og poteter+ dessert. Han åt opp alt saman. Men då måtte han sove middag. Han sov i senga, eg i stolen, og i dag sov han lengst. Han var i bra form i dag også, men ikkje så kvikk som i går; det går litt opp og ned, men han er rimeleg stabil.
No har eg ikkje ete sidan sildemiddagen, så eg må nok finne meg litt mat. Eg får mat på Heimen viss eg vil ha, men eg kan ikkje ete både her og der.
Vi ser ein del TV når eg er hos Nils, men eg har alltid nokre opptak på vent som eg ser om kvelden.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...