Klokka er snart 22.00, temperaturen er + 1 grad; vegane er nesten berre, så i kveld fekk eg gå heim utan brodder under skorne. Sparte 2 minutt på det.
Her i Starevegen er det framleis slaps og litt is. I dag har det ikkje regna så mykje, berre litt av og til.
I dag har det ikkje hendt så mykje, og det er kanskje det beste. Føremiddagen brukte eg til diverse husarbeid som støvsuging -blant anna. Og så har eg eit evigvarande prosjekt som heiter RYDDING-der kjem eg aldri i mål. Rotet kjem av seg sjølv og så bygger det seg opp. Det kan vere bra at ein aldri blir ferdig, så slepp ein i alle fall å kjede seg.
Klokka 15 gjekk eg utover til Nils, han var i rimeleg bra form. Men i dag greidde han ikkje å ete opp middagen sin. Det var ball. Eg hadde foreslått å ta med noko anna til han, men det ville han ikkje. Han var ikkje så trøtt i dag - det var berre eg som sov middag- og det enda eg hadde sove sist natt.
Eg var der til klokka nærma seg halv ti, vi ser mykje TV når eg er der, og heldigvis er der som regel program som er verdt å sjå. Elles så hjelper eg til med diverse, som til dømes barbering etc. Ingeborg ringde mens eg var der. Det er lurt å ringe på den tida eg er der, for då er han bra i form, og eg kan ta telefonen først viss ikkje han når den.
I morgon kjem dei frå Tussa og skal bytte målarane . Dei kjem mellom kl.16-18 så då får eg ikkje gå ut til Nils så tidleg som eg plar.
No skal eg ta ein telefon, betale ei rekning på Nettbanken, og så skal eg leite meg opp litt mat. Og det var den dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar