fredag, januar 26, 2018

Dagbok 2017: 26.januar

Klokka er 14.30, temperaturen er + 1grad og det har kome ei ny forsyning med snø sidan i går, denne er klissvåt og tung. Ser ut til at det lettar opp litt no, bildet er tatt for vel ein time sidan. 
Når eg skriv blogg så tidleg på dag, kjem det av at eg ikkje kan gå ut til Nils enno. Ikkje før dei har vore her og skifta målar. Vi fekk påminning om at dei skulle komme i dag mellom klokka 16 og 18.
Derfor vart eg litt skipla då det ringde på døra i 10-tida og ein stressa svenske kom og ville skifte målaren vår. Eg sa ifrå om at vi hadde fått ei anna tid, men det var berre bra at han kom tidlegare, men han heldt på sitt og drog fram mobilen sin og viste meg kva som stod der. Men då han såg nummeret på målaren gjekk det opp eit lys for oss begge. Det var i kjellarleilegheita han skulle.
Silje var ikkje heime, så eg måtte låse han inn, og må nok inn ein gong til når dei kjem og skal skifte målaren vår seinare i dag, for det er der hovudinntaket er. Då kjem det ein annan mann. Svensken og eg var heilt einige om at det var eit dårleg system, når ikkje han kunne ta begge målarane i samme hus. Men det er ei datamaskin som legg opp ruta for målarskiftinga. Kanskje den datamaskina skulle vore programmert etter adresser og ikkje etter namn? For eksempel ! Slik han skildra det køyrde dei sikksakk over store område. Eg måtte forresten ringe og spørje Nils om det hovudinntaket.Det er ikkje alt eg veit og kan.
Eg hadde tenkt å prøve å få lese ut boka mi i dag sidan eg ikkje kunne gå nokon stad, men det vart litt vasking også, og no var lydboka tom for straum. Eg kjem nok truleg til å skrive nokre ord i kveld også. Men til så lenge kan eg ønske alle ei god helg. Vekene går fort, men januar er likevel ein dryg månad.

Klokka 22.30. No er det minus 1 grad ute, måne -og stjerneskin, eit godt lag med snø og kvite pløgde vegar. Vinteren kom tilbake, men kanskje berre på snarvisitt.
Han som skulle skifte målar hos oss kom litt før klokka 16.Det var ganske fort gjort og alt er i orden. Solveig kom mens han var her, og etter ein liten kaffipause køyrde ho meg ut på Heimen, så det vart ikkje så mykje mosjon i dag.
Nils var ikkje i form i dag, han var litt trøtt og tung, men ikkje direkte sjuk. Eg er så vant til at han alltid var i godt humør at det er rart å sjå han slik. Men eg forstår at det ikkje er så lett å halde humøret oppe. Men han er no "sitt gamle jeg" innimellom.Han la seg og ville sove då eg gjekk litt før klokka 10.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...