onsdag, januar 24, 2018

Dagbok 2018: 24.januar

Klokka er snart 22.00, temperaturen ute er + 4 grader og det silregnar. Då eg gjekk nedover i dag, ca. kl.14.00. var det + 6 grader, og eg kjende fort at eg hadde kledd meg for varmt. Skulle ha satsa på regnkåpe i staden.
Det vart to heile netter utan søvn på meg, så eg var ikkje i toppform i dag då eg stod opp. Arbeidslyst hadde eg absolutt ikkje. Men etter kvart livna eg opp. Å begynne å rense golvteppe er ikkje så lurt i dette vêret, for det går ikkje an å sette ope dører og glas. Så den jobben vart sett på vent. I staden tok eg fram "sommargardinene" til stova, strauk dei og hengde dei opp. I fjor sommar kom dei ikkje opp, då var det mykje anna på programmet. Ja, eg veit at det er januar, men det går mot sommar og lysare tider uansett.
Planen i dag var å gå ned på Amfi, handle diverse småting og så gå opp til Nils. Særleg var det viktig å få tak i sovetablettane som eg har brukt i mange år. Eg fekk litt ""skjenn" med den austeuropeiske farmasøyten fordi eg har gjort meg avhengig av medisinen. Men eg tok igjen ! Eg begynte med tablettane då eg fekk tinnitus, og no søv eg ikkje utan-om natta. Om dagen kan eg lett sovne i ein stol på Ørstaheimen.
Eg gjekk inn i salatdisken på Bunnpris og plukka opp i eit beger, litt av ditt og litt av datt. Det blei ein bra porsjon, så eg vart stappmett då eg åt "middagen" min på Ørstaheimen. Hadde ikkje ete sidan frokost, så eg var svolten. No er eg ikkje fullt så mett lenger, så det blir vel ein tur i brødboksen.
På Amfi trefte eg ei tidlegare kollega/ venninne og ho insisterte på å køyre meg opp på Heimen. Eg er reddfolk skal synest synd på meg når eg går og rek etter vegane til fots, men eg hevdar det er terapi i å gå. Det forsto venninna mi også, men sidan det regna var det kjekt å få skyss.Og ikkje berre det - ho kjøpte ein nydelig blomsteroppsats som eg skulle ha med til Nils. Tok bilde med mobilen, så kvaliteten er deretter.
Nils var vaken då eg kom i dag,  nokså slapp og trøtt, men eg har sett han verre. Han fekk fiskebollar med kvit saus til middag og åt opp heile porsjonen. Etterpå beordra eg middagskvil, og sov gjorde vi begge. Han sov lengst. Då dei leid til kveld var han i god form, så eg hadde nesten lyst å vere der lenger, men gjekk ca.21.10. Då hadde eg tross alt vore der i 6 timar. Eg likar å vere der når han et middag, så kan eg hjelpe han litt med å skjere sund maten m.m. No har eg ein klesvask å legge i hop, og så er det diverse småtteri så må gjerast før eg kan legge meg til å SOVE.Kjem ikkje til å legge meg tidleg i kveld heller.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...