lørdag, oktober 07, 2017

Dagbok 2017: 7.oktober






Klokka er 19.00, temperaturen +5-6 grader og den første verkelege haustdagen er snart over. Førre veka var det sommar, men i dag tidleg kunne vi registrere at det hadde snødd i fjella. Elles har vi hatt sol, regn, hagl, skodde -kort sagt nesten all slags vêr. Eg hadde tenkt meg til med noko utearbeid i dag, men så langt kom eg aldri. Best sola skein, så regna det igjen. Det vart lite gjort både ute og inne. 
For det første stod eg seint opp, til ei forandring, det gjorde sitt til at dagen vart kort. Elles har tida gått med til vanlege huslege syslar og HBO-jobbar. Nils blir ikkje friskare, men han har gått med på å ta Oxycodone-tablettar, og då får han det betre. Dei hjelper sjølvsagt ikkje for noko anna enn at han kan vere litt kvikkare og ha det betre. Det er ikkje lite berre det.
Då vi skulle til å ete middag, restar frå torsdag, kom Håkon og Birte innom, dei skulle ut og sette hummarteiner. Etter at dei hadde fare kom HBO-pleiaren, og då ho var vekke, kokte eg kaffi. Så ringde Eirik, som er heime på ferie og spurde om dei kunne komme oppom. Det var sjølvsagt kjekt; Margrete, Amanda og Erlend var også med. Ingeborg kjem ikkje heim før neste veke.
Resten av kvelden blir det vel å sjå TV. Vi følgjer med på Stjernekamp, der eg heiar på Adam- og dernest på Didrik. Eg er så kry av at eg har køyrt heis i lag med han - i Fosnavåg. Det var ein liten heis, så eg stod og såg han rett inn i ansiktet. Han var ikkje stort høgare enn eg. Eg vart sjølvsagt heilt starstruck. Gløymde visst å ønske lesarane god helg i går, så det får eg gjere no. Håper på fint vêr i morgon.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...