torsdag, oktober 05, 2017

Dagbok 2017: 5.oktober

Klokka er 20.00, temperaturen er + 8 grader ute, det er mørkt og det silregnar. Når vêret er slik har eg ein tendens til å miste mykje av energien, så i dag har eg ikkje fått gjort så mykje anna enn det mest nødvendige.
I dag hadde Nils og eg samme ideen. Etter at han hadde fått mat og medisin på senga, tok han to ekstra tablettar for å bli meir opplagt. Det funka bra, han fekk både dusj og reine klede, noko som det var behov for. Etter at eg hadde sett at han var komen til rette i godstolen og hadde det bra, tok eg ein snartur ned på nærbutikken, mest for å kjøpe poteter, men også for å få litt mosjon.
I dag laga eg god mat, lammefrikassé med poteter, grønnsaker og god saus. Vi åt ganske godt begge to. Etterpå blei det kaffi og is, og så "Kakekrigen" på opptak. Vi venta med middagen til etter HBO hadde vore her.
Det har vore mykje stillesitting og TV i dag, men eg har i alle fall strikka litt. Eg saknar å vere ute og jobbe, men akkurat i dag var det greitt å halde seg inne.
Nils har hatt ein god dag, og då har eg det bra også.
I morgon kjem Solveig innover, så då skal eg ha klar ei medisinliste slik at eg har det eg skal ha når eg fyller dosetten for neste veke. Eg er "medisinsk ansvarleg". Heimesjukepleien hadde ordna med medisinane om vi ville det, men eg synest det er greitt å ha den oppgåva.
Komande veke er det haustferie på våre kantar, Rasmus og familien hans har hatt fri denne veka. Dei har vore ein tur til Sverige.
Kongsberg er blitt Norges basket-by. Laga  heiter Miners, sikkert relatert til at Kongsberg i si tid hadde sølvgruver. Mellombror spelar på eitt av laga og er veldig engasjert. Minstebror er vel også begynt så vidt, og slik det ser ut for meg er trenarane flinke til å ta seg av også dei minste.
Her er eit bilde frå VG, der Minstebror er med:
Her er Mellombror nr. tre frå høgre i første rekka. Dei har ikkje fått eigne drakter enno. Derfor står det SKAVANGER på brysta.(Det er namnet på ein skule i byen).



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...