onsdag, oktober 04, 2017

Dagbok 2017: 4.oktober

Klokka er 19.50, utetemperaturen er + 5 grader. I dag har det vore opplett, men vått i graset og kjøleg, så eg har ikkje vore så mykje ute.
Det kunne eg sjølvsagt ha vore om eg ville, men i dag har eg vore sjukepassar. Nils berre sov og sov, han fekk frokost og stod opp, men sovna i stolen. Først ut på ettermiddagen vakna han skikkeleg og eg fekk han til å ta nokre tablettar som han skal ta etter "behov", så då kvikna han til. Han er ikkje direkte sjuk og verker ikkje, men er berre så utruleg slapp. Han et bra, så det kan eg ikkje klage på. Vi hadde så mykje att av fiskegratengen frå i går at det blei middag i dag også. Og Nils hadde lyst på den og syntest den var god i dag også.
Sidan det var kommunen og eldrerådet som stod for markeringa av Eldredagen på kulturhuset i dag, skulka eg. Det er det første møtet eg ikkje har vore på sidan eg begynte i pensjonistlaget for ca. 7 år sidan. Men i dag ville eg ikkje gå frå Nils åleine heime.
Eg har sete mykje og helde han med selskap og strikka i dag. Det er uvant for meg å ikkje "gjere" så mykje. Rett nok tok eg og bakte ei kake før middag, det er det ikkje ofte eg gjer. Eg er ikkje glad i å bake.
Men så-etter at eg hadde sett dagsnytt klokka 19- såg eg at eg hadde mange oppgåver på vent, så no har eg gjort nokre av dei, og bak meg ligg  ein haug med klede som skal leggast i hop. Dei hang ute, men under tak, så eg er ikkje heilt sikker på om dei er knusktørre.
Eg fabulerte om ein liten trimtur til butikken, men utsette den til i morgon. Nils er våken no og ser ein episode av Lothepus for ørtande gong - mens han et kveldsmat. Det er vondt for han å sitte ved bordet, så har får all mat på brett inn i stolen sin. Eg er glad fordi eg er frisk slik at han får vere heime- og det er han sjølv også.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...