Klokka er22.10, temperaturen er + 7 grader C og det regnar og regnar. Har ikkje vore ute i dag-berre opp til postkassa.
Olaug og Solveig har vore her ein tur, og etter at dei var reiste vart det så mykje TV-det er derfor eg er så seint ute med bloggen i kveld
I går kveld vart Nils ganske elendig før han fekk lagt seg. I dag fekk han litt mat + medisin på senga, og då han kom så langt at han stod opp ville han dusje. Eg var skeptisk, men det gjekk bra; dusj og reine klede er ikkje kvardagskost for han lenger.
Før han stod opp hadde eg laga ei prinsessekake, denne gongen hugsa eg rosiner, men eg tykte ikkje den var heilt slik den skulle vere, av ein eller annan grunn.
Etter at vi var ferdige med dusjing og baking, vaska eg relativt grundig på badetog kjøkkenet, før eg dusja meg sjølv og vaska håret. Då vart det liksom helg og vi slappa av.
Eg hadde ein lengre telefonprat med ei venninne før Olaug og Solveig kom. Olaug er berre heime ein snartur, dei har ikkje haustferie der ho studerer.
Nils har hatt ein ganske bra dag. Vi har ikkje hatt middag i dag, men helde oss til brødmat. Fekk Solveig til å kjøpe med seg loff. Så mykje medisin som han tek røyner det nok litt på magen.
Mandag ventar vi fastlegen på besøk, det er ikkje noko veldig spesielt, det blir vel samtale om medisinar etc. Han kjem hit i staden for at Nils skal streve seg ned på legesenteret. Nils har snakka med kreftkoordinatoren i telefonen i dag.Solfrid er god å ha som "mellommann".
I morgon får vi kanskje besøk av Einar i 13-tida. Planen er at han skal springe rundt Rotevatnet først. Det blir kanskje siste "løpet" denne sesongen.
Då vil eg ønske alle ei god helg -og gløym ikkje å stille klokka 1 time tilbake. Vi får lysare morgonar og mørkare ettermiddagar heretter-om det er eit poeng, liksom.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar