Klokka er 20.45, temperaturen er + 15 grader. I dag har det for det meste vore opplett, men det kom ei regnbyge ut på ettermiddagen.
Vi var ikkje altfor tidleg oppe i dag, så det var langt på dag før eg var i gang med slåtten. Intensjonen var å klippe det som stod att og så gjødsle med kalksalpeter for å få vekk mosen. Eg var nest ferdig å slå då eg kipte meg kraftig. Eit menneske hadde snike seg innpå meg bakfrå- heldigvis var det Solveig, så det var ingen grunn til panikk. Ho og Øystein hadde eit ærend til Volda-Ørsta , og så stakk dei oppom. Eg kokte kaffi og serverte resten av rabarbrakaka som eg laga i går.
Etter at dei var reiste, klipte eg litt til og Nils gjødsla.Elles klipte eg ned visne blomster og fekk fylt opp kompostkassa med gras og anna rusk. Ikkje før var vi komne i hus, så kom regnet. No skal plenane få fred eit par dagar-trur eg.
Vi fann nokre restar som blei middag i dag, om vi ikkje ombestemmer oss og lagar sein middag. Eg plar seie at vi et middag mellom kl.12 og 24 eingong.
Så har eg greidd å komme gjennom ei plate eller to av boka mi, så no er det berre tre plater att. Eg trudde det skulle vere fotballkampar i dag også, men det er visst fridag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Ja, i dag tok eg deg på fersken i å klippe plen i bratt terreng!Eg synest du er sprek og sterk!
Eg er sterk i armane, men ikkje i ryggen. Plenklipping går bra, men ikkje arbeid som krev at eg må bøye meg ned.
Legg inn en kommentar