tirsdag, juni 28, 2016

Dagbok 2016: 28.juni

Klokka er 20.45, temperaturen er + 15 grader. I dag har det for det meste vore opplett, men det kom ei regnbyge ut på ettermiddagen.
Vi var ikkje altfor tidleg oppe i dag, så det var langt på dag før eg var i gang med slåtten. Intensjonen var å klippe det som stod att og så gjødsle med kalksalpeter for å få vekk mosen. Eg var nest ferdig å slå då eg kipte meg kraftig. Eit menneske hadde snike seg innpå meg bakfrå- heldigvis var det Solveig, så det var ingen grunn til panikk. Ho og Øystein hadde eit ærend til Volda-Ørsta , og så stakk dei oppom. Eg kokte kaffi og serverte resten av rabarbrakaka som eg laga i går.
Etter at dei var reiste, klipte eg litt til og Nils gjødsla.Elles klipte eg ned visne blomster og fekk fylt opp kompostkassa med gras og anna rusk.  Ikkje før var vi komne i hus, så kom regnet. No skal plenane få fred eit par dagar-trur eg.
Vi fann nokre restar som blei middag i dag, om vi ikkje ombestemmer oss og lagar sein middag. Eg plar seie at vi et middag mellom kl.12 og 24 eingong.
Så har eg greidd å komme gjennom ei plate eller to av boka mi, så no er det berre tre plater att. Eg trudde det skulle vere fotballkampar i dag også, men det er visst fridag.

2 kommentarer:

solveig sa...

Ja, i dag tok eg deg på fersken i å klippe plen i bratt terreng!Eg synest du er sprek og sterk!

Besta sa...

Eg er sterk i armane, men ikkje i ryggen. Plenklipping går bra, men ikkje arbeid som krev at eg må bøye meg ned.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...