søndag, desember 06, 2015

Dagbok 2015: 6.desember.


Klokka slo nettopp 8 slag, noko so vil seie at klokka er 20.00. Temperaturen ute er + 4, 8 grader C, og i dag har vi hatt både vind og regn, men også gløtter av lys, nesten sol. Det voldsomme styggevêret har ikkje nådd oss - i alle fall ikkje enno. Ikkje mykje julestemning kva vêret angår i alle fall.
I dag har eg gjort botimot ingen ting, anna enn å rydde litt i huset og lage middag. Resten av tida har eg brukt til å lese i boka mi etc. Eg held på å lese Edvard Hoem si bok " Bror din på prærien", den er eit framhald av "Slåttekar i himmelen", som eg las to gonger.
No er vi nettopp attkomne frå Volda der vi var på konsert i kyrkja i lag med Margrete. Den direkte grunnen var no at Amanda skulle synge duett i lag med ei anna jente. Men det er kjekt å høyre på alle dei andre også. Amanda song "The little drummer boy"-ho har ei veldig djup stemme, men kan også synge lyst, i følge Margrete.Det er ikkje så ofte vi har høyrt henne synge åleine.
Trur det har vore rekordmange julekonsertar i Ørsta-Volda i år. Opp til fleire pr.dag - somme dagar. Og vi har vore på tre arrangement i løpet av veka,  det er litt uvant til oss å vere, men no begynner eg snart å forstå desse som går på "alle" konsertar, for det er kjekt!
Dermed er kakeboksane mine like tomme som før, og ikkje ei einaste julegåve er på plass. Men det blir vel jul i år også. Det viktigaste no er at Nils blir bra i foten og hofta, slik at vi blir litt meir mobile. Det gjekk no bra i dag, viss han ikkje får ein baksmell.
Elles er vel det største av alle juleønske i år FRED PÅ JORD- og det kan vi verken kjøpe eller bake.
I kveld ser eg fram til å sjå neste episode av den tyske serien. Sjeldan vi ser noko tysk av nyare dato, så det er litt spesielt. 
I dag er det Nilsmesse/ Nikolausdagen til minne om den heilage Nicolaus av Myra i Lille-Asia(Tyrkia)- det er han som er opphavet til Santa Claus, julenissen. I gamle dagar var det tradisjon å gi gåver denne dagen-helst til barna.
Bilda under viser vêret ca kl.12.00 i dag.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...