Klokka er 20.00, temperaturen er + 0,6 grader C og i dag har vi sett lyset. Det var eit lite fjom med snø på marka då vi stod opp, det regna ikkje og snøa ikkje, og det var lyst i fleire timar. Det var godt å oppleve ein litt lysare dag.
Avtalen i dag var at Margrete skulle vere med Amanda til Ørsta og sjå henne danse. Ballettskulen arrangerte framsyning for foreldre denne gongen, i litt enklare former enn vanleg. Men først kom dei oppom her og avleverte Charlie, Erlend ville vere med på dansen. Etterpå var Margrete, Erlend og eg på julehandel på Amfi og andre butikkar. Vi var veldig effektive-syntest vi sjølve. Kan ikkje ha med meg Nils på julehandel så lenge han er låk i foten. Rollane er litt ombytte for tida-no er eg den sprekaste av oss to.
Eg hadde laga ferdig rabbestappe før vi for nedover, og Nils hadde skrella poteter, ja, det var han som hadde skrella rabba også. Så då vi var nesten ferdige å handle, ringde eg berre heim og bad han sette på potetene. Julepølsene stod og trekte mens vi var vekke.
Så vart det middag, og etter kvart kom Eirik også og fekk seg mat; han jobba i dag.
Is og kaffi hadde vi til dessert.
Amanda og nokre veninner reiste til Moa med buss, så ho var ikkje i lag med oss her.
Vi hadde ei koselig stund her hos oss - kjekt med besøk. Det kjekkaste med jula er i grunnen alle arrangementa i førjulstida, og det å vere i lag med barn og barnebarn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar