mandag, juni 08, 2015

Dagbok 2015: 8.juni

Klokka er ca 19.30, temperaturen ute er + 13 grader, og akkurat no er det lettskya og fint. Men sommarleg varmt er det ikkje. Nils fann ut at han ville mosjonere litt, så han gjekk ein tur opp i skogen. I dag har har verken fiska eller klipt plen.
I går var eg så lettsindig at eg sat og strikka nesten ein heil lest, størrelse "vaksen mann", så i dag vakna eg med ein elendig rygg. Same kva eg gjer så blir eg straffa.
Vi gjekk og surra litt rundt huset i dag, men før vi fekk gjort noko særleg så begynte det å regne. Vi tok oss ein kaffikopp og ei skive og slappa av litt.
Då fekk eg brått ein god ide-eg ville lage fiskegrateng.
Før var det ein jobb eg vegra meg imot, men no går det som ein drøm. Eg sørger for å alltid ha ferdigkokt makaroni i kjøleskap-frysaren, og ferdig oppkutta purre. Då er det fort gjort. Nils finn ein fiskefilet som han tiner i mikroen og skjer i bitar. Einaste arbeidet er å koke saus og piske egg. Eg brukar så mykje makaroni i gratengen at vi kuttar ut potetene. Så raspar eg rikelig med gulrøter mens gratengen steiker i omnen. Den blei veldig god om eg skal seie det sjølv, og det som eigentleg skulle vere to middagar, vart nesten oppete.
Eg la meg ut på altanen med teppe og dyne og sov middag med lydbok på øyret. Men så skya det over igjen; det kom ikkje regn, men iskald nordavind. Ja, sommaren har vi ikkje sett mykje til, men slik har det vore mange gonger før også- lite sommar før jonsok.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...