lørdag, januar 03, 2015

Dagbok 2015: 3.januar

Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er +2 grader C. Då vi stod opp i dag, oppdaga vi at det hadde kome rein og kvit snø sist natt, noko som gjorde det litt triveligare. Men det varte ikkje lenge før det vart sørpe igjen.Då det leid ut på føremiddagen tok vi ein tur på Coop Amfi og handla på bonuslappane våre. Eigentleg trong vi ingen ting, men ein må no nytte tilboda ein får. Trefte nokre folkk vi kjende i dag også, ikkje så mange av mine venner, mest karar som Nils kjenner. Der var lite folk, men då vi for heim strøymde folk i mengder inn døra. Det er ikkje kjekt å gå ute og trakke i dette vêret, men Nils tok seg ein mosjonsrunde no i kveldinga.Eg er ikkje i form til det.
I dag var vi innom Gjenbruk, og skulle sjå om vi fann noko som vi er på jakt etter, det gjorde vi ikkje. Var ikkje så trivelig der i dag, for dei har framleis juletinga ståande framme-til halv pris. Eit par av barnebarna har uttrykt ønske om ei runde på butikken, men trur dei må vente til dei har fått rydda opp litt, dei som styrer sjappa.
Til middag i dag laga eg berre ei blomkålsuppe. Vi prøver å bruke opp det som var kjøpt inn til jul. I morgon skal vi steike svineribbene som vi handla inn før helga. Eg gløymer kvart år at vi stort sett er her to-eine i jula. Men ingen ting blir kasta. Og vi lever godt. Altfor godt for meg som stort sett held meg i ro.


Dette er mobilbilde. Snøhaugane hopar seg opp ved Amfi. Dei har ikkje lov til å ha snøen ut i sjøen, truleg fordi den ikkje er rein.Men når snøen smeltar, renn vel det meste ut i sjøen uansett? Der er mengdevis av ender på fjorden, og rett som det er kjem dei i store flokkar opp til Amfi, det er alltids einkvan som har noko godt å gi dei.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...