fredag, januar 02, 2015
Dagbok 2015: 2.januar
Klokka er snart 18.00. Temperaturen er ca + 4 grader C.
I dag hadde Nils tenkt seg ut og fiske. Då han stod opp kika han inn på yr.no. Der stod det at vindstyrken på Rjåneset var
0 m/sek. Ei lita stund etterpå var vindstyrken oppgitt til 15 m/sek- og det var noko heilt anna. Fisketuren vart avlyst!
Vêret har vore ganske guffent i dag: Regn, vind, torden, hagl osb. Måtte slå av datamaskina ei stund, då det lynte ganske kraftig her.
Eg hadde planlagt brødbakst i dag. Vi trong meir grovbrød, og no er der plass i frysaren. Så i dag har eg laga tre "Ingers" og tre vanlige grovbrød.
Til middag hadde vi fiskekaker frå frysaren. Sist eg laga fiskekaker hadde eg veldig fin fisk, men fiskekakene har konsistens som litt mjuke viskeler, det er dei verste fiskekaker eg nokon gong har laga, men vi gomlar og tygg dei i oss på trass. Og tenkjer på alt det gode som var i røra. Feilen var at eg spedde dei for lite.
Og så begynte eg å tenke på dei eg hadde med til Kongsberg, og som eg ikkje hadde prøvesmakt. Enn om dei var like mislykka? Har ikkje høyrt noko, men dei er kanskje for høflige til å seie ifrå.
Elles har eg lese ut boka mi, og så har eg ikkje gjort så mykje anna.
Nils var ein tur på sjukeheimen for å sjå til ein gammal kamerat, eg har ikkje vore ute for ei dør, og no er det forlengst mørkt.
Alle fire amaryllisane blomstrar no med fleire blomster på stilken, dei er fantastiske så lenge det varer, men det blir ei kort glede.
Trur eg skal lese litt i papirboka mi i kveld, måtte legge den vekk mens eg las "Bursdagsgaven" for eg begynte å rote i hop personane i dei to fortellingane.
Elles så er det visst fredag i dag, og dermed mykje å sjå på TV. Går litt i surr i dagane, men no er det lenge til neste ferie!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
4 kommentarer:
Stilig med så mange amaryllisar!
Skulle ha kjøpt dei før jul !Det får eg gjere neste jul.
Fiskekakene går ned på høgkant blant store og små og gamle. Ikke for å smiske, det er ikke min sterke side. Du kan lage fiskekaker uten tvil.
Eg fiska ikkje etter skryt, altså, men eg brukar samme oppskrifta støtt når eg lagar fiskekaker, så då kan ein bli litt mistenksom.Dei vi har her no, er vel rett og slett for lite spedd.
Legg inn en kommentar