Charleston, 1803: I den rike, hvite Grimké-familien er alle samlet for å feire datteren Sarahs elleveårsdag. Men da foreldrene presenterer den jevnaldrende slavejenta Hetty Handful som Sarahs bursdagsgave, sier hun bestemt nei. Som straff for upassende oppførsel må Sarah skrive til alle gjestene og be pent om unnskyldning.
For jenter i South Carolina skal ikke drømme om å avskaffe slaveriet eller studere jus - de må konsentrere seg om broderi, håndskrift og bibel. Hetty Handful prøver på sin side å finne seg til rette i Grimké-huset, mens hun fabulerer om verden utenfor murene som omslutter slavegården.
.........................................................
Det er to fortellestemmer i denne boka, Sarah dottera til ein rik dommar og plantasjeeigar og den vesle slavejenta Hatty. Det er også to personar som les boka.
I forfattaren sitt etterord kjem det fram at Sarah var ei kjend kvinne i USA på den tida, på grunn av arbeidet ho gjorde for å få slutt på slavehaldet. Der finst både brev, pamflettar og mykje anna skriftleg dokumentasjon på arbeidet hennar. Hatty er ein fiktiv person som er tatt med i fortellinga for å gi slavane ei røyst.
Eg vil ikkje skrive meir om innhaldet i boka, men oppmode andre om å lese den sjølve. Eg var til å begynne med litt skeptisk, trudde boka var i kategorien "litt rosa", men det er ei god fortelling som bygger på verkelege hendingar. Språket er nokså "usynleg", men det er greitt når sjølve fortellinga er så viktig.
Forfattaren kjem med ei lang utreiing til slutt, eg synest det blir vel mykje forklaring. Fortellinga står godt åleine.Det kunne greie seg å opplyse om at fortellinga var "based on a true story".
Eg skal innrømme at tankane mine ofte gjekk til dei muslimske jentene i vår tid, då eg las korleis jenter vart oppseda i Amerika for ca 200 år sidan.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar