torsdag, januar 01, 2015

Dagbok 2015: 1.januar = Nyttårsdag

GODT  NYTT  ÅR

Klokka er no 14.00, temperaturen ute er litt i underkant av +8 grader; det regnar og blæs litt. Ikkje direkte uvêr, men ganske trist etter det fine vêret vi hadde i jula. Trøsta er at sola har snudd, og blir det fint og klårt, har vi sol i stova om eit par veker.
Mange ønske om eit godt nytt år har gått mellom kjende og ukjende på FB dei siste par dagane. Og alle ønsker vi at det nye året skal bli godt, kva vi elles legg i det ønsket er vel litt ymist, alt etter alder og personleg situasjon.
Vi hadde ei roleg nyttårsaftan her i heimen. Etter litt teljing fram og tilbake med fingrane til hjelp, kom vi fram til at dette var den 55. nyttårsafta vi har feira i lag. Vi åt god julemat, restar frå novemberjula -dessert og kaffi hadde vi også. Vi såg nokså mykje på TV, og mora oss over den gamle farsen "Den innbilt syke" med Bjarte Hjelmeland. Artig med litt nye og aktuelle replikkar innimellom.
Her var mykje fyrverkeri, som vanleg, men kanskje litt mindre enn tidlegare år. Eg er ikkje tilhengar av for mykje av den sorten.
I dag har vi sett og høyrt mykje av nyttårskonserten frå Wien, the same procedure as every year.(Og eg fekk strikka ferdig lesten som var på beddingen.) No er det det som eg kallar "sportsmas" på TV. Men vi skal ete tidlig middag, og så får eg vel ein sjanse til å høyre på lydboka mi.
Elles kan eg glede meg over dei to amaryllisane som har sprunge ut.




I dag skal eg ta i bruk den nye dagboka som eg fekk frå Kongsberg. Så fin og raud dagbok har eg aldri hatt før.Håper innhaldet blir like bra som eksteriøret.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...