onsdag, desember 31, 2014

Dagbok 2014: 31.desember = nyttårsaftan

Klokka er 15.45, temperaturen + 7 grader C og det er skya opphaldsvêr. Her inne på Vallabøen er det stilt, men det var vind på Rjåneset.
Ja, vi var ein tur dit ut i dag; Nils ville sjå etter båten og eg blei med for å kome ut dørene litt. Hadde ikkje lyst å gå på Amfi og trakke i dag. Mens Nils sjekka båten, gikk eg ein bitteliten tur for å ta bilde, slik eg plar gjere.Der ute var det ikkje snø, men det er det her hos oss.
Då vi kom heim åt vi lunsj. Festmaten står no på kok. Vi skal "feire" kvelden åleine, og det er vårt eige val. Vi er ikkje åleine når vi er to,seier eg, og så slepp vi å pynte oss. Eg går så påballa med klede at eg har det best heime. Vi skal ha pinnekjøt, dampamòr og rabbestappe. Vi kunne hatt svineribbe viss vi ville, har to stk. liggande, men når vi har lyst på julemat, så blir det slik.
No hadde eg endelig lært meg å skrive 2014-og så må eg frå i morgon av venne meg til å skrive 2015-det blir ikkje lett.Men gler meg til å begynne på den fine, raude dagboka eg fekk av Ramus & Co til jul !
Året som vi no legg bak oss har innehelde både gode og mindre gode dagar, slik er det alltid. Heldigvis har dei fleste dagane vore gode. I dag måtte eg leite fram ein gammal song på You Tube:" Räkna de lyckliga stunderna blott......" eg trur det kan vere ein god leveregel. Det med lykke er svært overdrive. Ingen er lykkelige heile tida, men ein kan vere tilfreds -og så kanskje oppleve augneblinkar med rein lykke. I vår alder kan vi no starte med å vere glade for at vi lever!
Eg har ikkje sansen for å bli altfor filosofisk fordi det er nyttår, og kva det nye året vil føre med seg av godt og vondt veit vi ingen ting om i dag. Vi kan berre håpe på at det blir bra.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen eit GODT NYTT ÅR, og takke for all kontakt i det året som snart er slutt.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Mange "felles" nyttårstankar du har fått ned på papiret der. Vi hadde også ein roleg nyttårskveld med hundepass og "Hypokonderen".

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...