tirsdag, desember 30, 2014
Dagbok 2014: 30.desember
Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 5 grader og vêret er begredelig. Vi hadde fått mykje fin kvit snø, men så kom det regn og mildvêr så no er det berre slaps. Ikkje har det vore heilt lyst heller i dag.
Nils mòka snøen av altanen før vi tok ein tur nedover. Hadde ikkje så mange ærend, men må no komme oss ut dørene litt. På Amfi treffer vi alltid kjentfolk, særleg Nils møter mange han kjenner.
Så fann vi ut at vi kunne reise til Volda og ete middag. Kinarestauranten var stengt, så vi prøvde Coop i Furene, men dei hadde ingen ting som frista.
Då var vi imidlertid komne så nær Plantasjen at eg kunne stikke innom og kjøpe meg 4 amaryllis for ein billeg penge. Kjøpte berre to stativ, for det er vel heller sjeldan ein har fire blomstrande amaryllis på same tid. No gler eg meg til dei sprett ut for fullt. (29,90 pr. stk). Såg at dei hadde fått inn engelske pelargoniar, men dei trivst ikkje hos meg.
Det blei ingen ordinær middag på oss i dag, men sild, egg og anna julepålegg.
Etterpå blei det pause på sofaen -med lydbok.
No reknar eg med av det blir ein del TV-sjåing resten av kvelden. Det blir aldri tid til å kjede seg; dagane vert alltid for korte for meg.
Men eg skal innrømme at eg ser fram til lengre og lysare dagar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
Smart med stativ til amaryllisane!
Ja, men eg syntest ikkje eg trong 4
Legg inn en kommentar