søndag, januar 04, 2015

Dagbok 2015: 4.januar

Himmelen over Ørsta ca klokka 15.00 i dag.

No går klokka mot 17.00 og det er mørkt ute, men det har vore ein fin dag, etter det eg har observert. Dessverre har eg ikkje kome meg ut i dag heller. Men viss vi får behalde snø, finevêr og sparkføre er det ein sjanse for uteliv i framtida. Eg er ikkje noko vintermenneske, til tross for at eg har kjøpt meg sko med vinterdekk.
I dag har eg til ei forandring vore ganske aktiv på kjøkkenet. Først fekk eg svineribba i omnen, og mens eg "passa" den fekk eg vaska og rydda kjøleskapet og kokt syltetøy av 4 kilo plommer. Kokte to kilo om gongen, sidan eg har frose ned ferdig vaska og reinsa plommer i 2 kilos- posar. Dette skulle sjølvsagt ha vore gjort før jul, då vi trong frysarplass. No går planen ut på å ete tomt både kjøleskap og frysarar. Men vi finn vel eitt og anna som er kjekt å ha og då fyller vi opp igjen.
Elles hadde eg sjølvsagt ei bok liggande på kjøkkenbenken, som eg las i, innimellom. Og etter at vi hadde ete oss godt mette på svinekjøt, blei det siesta på sofaen med lydbok.
Nils måtte mòke litt ute på tunet i dag også, men så vart det opp i finevêr og delvis klår himmel. Dessverre er det meldt regn igjen.
Eg har ikkje tenkt å rydde ut jula før det nærmar seg neste helg. Har eg først pynta får eg jammen ha det ei stund, og vi har ikkje juletre som slepper nålene.Eg har planar om å plukke vekk litt og litt. Heldigvis har eg amaryllisane, som er heit eventyrleg vakre. Kanskje eg må bort og kjøpe fleire.Synd at dei har berre ein farge.


2 kommentarer:

solveig sa...

Eg sylta plommer i overgangen frå frysar til frysarskap ...
Vi og snakka om kor mykje lysare det har vorte allereie, ikkje berre på grunn av snøen, vil eg tru!

Besta sa...

Nei, i dag såg eg lyset i tunnelen. Det har vore mørkt no ei tid-ikkje som i fjor, då vi ikkje merka at det var vinter.

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...