tirsdag, desember 16, 2014

Dagbok 2014: 16.desember

Klokka er 14.10, og temperaturen ca +2 grader C. Det har kome meir snø sidan i går, og no er det skikkelig fint ute. Skulle berre ønske det ville vare, for det blir så lyst og fint med alt det kvite.
Nils er på "julekaffi"  for pensjonistar på fabrikken der han jobba, mens eg er heime og bakar.
I dag trur eg det er siste bakedagen min, viss eg ikkje finn ut at noko manglar........Først laga eg ein bløtkakebunn, fordi eg tykte den eg hadde laga før, var for liten. Så sette eg ein stor bolledeig som no er forvandla til eit "juletre, eit brett med bollar og eit julebrød. Gjerbakst er i grunnen det eg likar best å lage.
Det juletreet er blitt ein tradisjon. 2.juledag er alle som kan samla her, og då har vi eit kveikt lys i toppen på treet. Eg plar lage det av rundstykkedeig, i år vart det ei søtare utgåve.Men før eg kunne begynne å bake var vi ein tur på butikken. Det er alltid noko ein ikkje har i hus.Godt at butikken er så nær.

Prestekragane i kassane utanfor kjøkenglasa har enno ikkje forstått at vinteren er komen; dei kjem stadig med nye knoppar. Og sjølv om dei er veldig malplassert når ein tenkjer på jul, har eg ikkje hjerte til å vrake dei.

Mens eg baka vart vêret berre finare og finare, og det vart nesten SOL. Ikkje mange dagar til den snur no, og då er mørketida over.No kom eg brått på at eg burde pusse kopar. Eg er meir frista til å gøyme koparen til over jul! Skal tru om nokon oppdagar det?


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...