Klokka er ca 19.40. Det har vore opplett og fint vêr i heile dag. No er temperaturen + 3 grader.
Det første eg gjorde i dag var å shine opp kjøkkenet, for no har eg avslutta bakinga-trur eg. Vi somla litt med avislesing etc. før vi kom oss nedover. I dag fekk vi kjøpt nokre gåver, og vi fekk i tillegg litt mosjon , både inne på amfi og oppe i gågata. Så veldig effektive var vi ikkje. Og vi kjøpte ikkje mat! Var innom biblio og henta ei krimbok som eg hadde bestilt. Den skal eg berre rippe og levere ned att. Likar å ha eit lite lager liggande på maskina. Har ikkje kome skikkelig i gang med "Stoner" enno.
Heldigvis hadde Nils tatt opp fiskegrateng frå frysaren, så det gjekk fort å lage middag då vi kom heim.
Rett etter måltidet ringde ei venninne og vi fekk oss ein lang og hyggelig prat før eg flata ut på sofaen.
No har eg drukke kaffi og lese om Cuba i Regionavisa, rett etter at eg hadde høyrt nyheitene. Bra tima.No må eg følge med på syprogrammet.
I dag kan vi gratulere Hans Petter med dagen. Eg gløymer aldri 17.desember 1990.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 202: .26 okrtober
Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Takker for gratulasjonen på vegne av Hans Petter. Ja, det var ein spesiell dag. Tenk at det er 24 år sidan...
Angåande Sterk-garnet. Eg har ikkje prøvd det til sokkar før no. Har så vidt begynt på eit par. Det er brukt i mange mønstre, så eg satsar på at det er bra. Veldig bra til vottar og huer i alle fall.
Legg inn en kommentar