Klokka er snart halv seks, og det er bekmørkt ute. Temperaturen er ca 0 grader C, og det har snødd meir og mindre heile dagen.
Eg har vore plaga med rygg og hofte i dag, så eg har tatt det veldig med ro.Har berre rydda litt på kjøkkenet og stroke nokre klede, mest dukar, elles har eg lege mykje på sofaen og høyrt lydbok. Gjer det eg kan for å kome i form att. Det å sitte framfor datamaskina er i alle fall ikkje godt for verken det eine eller det andre.Ikkje strikking heller. Og no når eg hadde kjøpt så mykje garn!Litt irriterande, men det kjem vel betre dagar.
Nils har vore ute og mòka litt -han har ikkje tatt fram fresaren enno. Til middag i dag vart det kokt lange, vi passar på å ete fisk innimellom.I morgon må eg vel shine opp huset litt etter helga.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16 mars
Her stod eg ovafor ALTI og såg mot nedste gata der dei byggar ei stort 4etasjer høgt hus heilt ned mot sjøen. På andre sida av gata er det ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
4 kommentarer:
Vi hadde kokt lange i går og svineribbe i dag ...
Har eit par svineribber liggande..............
Her har det vorte populær mat etter at eg har begynt å lage gammaldags brun saus til. Austlendingane ville vel grøssa!
Eg veit at Margrete brukar saus til, vi brukar berre sky/feitt.
Legg inn en kommentar