torsdag, november 06, 2014

Dagbok 2014: 6.november

Klokka er 19.30 og temperaturen er + 5 grader C. I dag var det ikkje verken så klårt eller kaldt som det var i går. Og eg har litt problem med å forstå kvar dagen har blitt av. Vart litt sjokka då eg såg kva klokka var.
Dagen begynte med at vi sov litt lenger enn vanlig, og for min del gjekk mykje av føremiddagen med til å skrive referat frå møtet i går, det gjekk greitt, men det tok tid.Elles gjorde eg litt husarbeid, og så åt vi litt lunsj før vi tok vegen til Vik og Volda.Nils dreiv og klipte eine plommetreet i dag, las ein stad at plommetre må ein ikkje klippe om våren.Han klipte bort mykje, men som regel blir det for lite uansett.
Vi måtte bort og helse på Amanda, og så trong eg nokre småting. Dei hadde fått inn masse nye bøker, spel etc. som vi kika på. Det er utrulig så fort som bøker blir sett ned i pris, det er nesten ikkje vits å kjøpe til full pris lenger. Apropos bøker, så var eg innom biblio og fekk "Innsirkling 3" i dag, men no må eg først lese ferdig Varg Veum-boka som eg held på med, same kor kjedelig den er.Hadde aldri lese den om det ikkje var så kjekt å høyre på Lasse Lindtner.
Vi hadde ærend på apoteket, så det blei ein tur inn på Amfi i dag også. Der trefte eg ei veninne som bur i Rystefeltet, og ho kunne fortelle at dei var den andre av dei tre familiane som hadde innbrot sist helg. Den tredje familien kjenner eg ikkje. Tjuvane hadde klatra opp på altanen, og brote opp, ikkje knust, vinduet på stova. Dei hadde rota og leita gjennom heile huset, men tatt med seg berre smykke og små verdigjenstandar, pluss nokre pengar.Ingen hadde verken sett eller høyrt noko. Veninna mi og mannen hadde vore ein tur til Oslo. Dei hadde ikkje tenkt på å la eit og anna lys stå på inne.
Då vi kom heim laga vi middag. Nils hadde fått ein blålange-filet av Jørn, ein fisk vi aldri har smakt før.Vi fann ut at vi ville steike den, og det blei eit framifrå måltid. Kjøpte ein pose frosne grønsaker til, type "Perfekt til kylling", ei blanding som eg likar godt.
Etter middagen var fortært, las eg gjennom og retta avisinnlegget mitt før eg posta det. Då kunne eg endelig slappe av med lydboka mi.Men låg og halvdøste såpass eg måtte lese om att det meste etterpå.
I morgon skal vi i gravferd til ein tidlegare nabo, men det blir berre i kyrkja.Så vi blir ikkje så lenge borte.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...