fredag, november 07, 2014

Dagbok 2014: 7.november

Klokka er 17.15, men det er mørke kvelden ute. Eg har enno ikkje vent meg til desse korte dagane, så eg føler at det er langt på kveld. Temperaturen ute er +8-9 grader C. Det har vore lettskya opphaldsvêr i dag.
I dag gjekk føremiddagen med til å gå i gravferda til Liv. Eller eg veit ikkje om det heiter gravferd, trur der stod bisettelse. Jordpåkastinga var inne i kyrkja, og så var kista køyrt bort.
Det var Liv og mannen som bygde huset i Starevegen der Jørn bur no. Etter at mannen vart sjuk flytta dei i ei leilegheit der Møre Lenestolfabrikk var før, mannen døde for ca 5 år sidan. Opprinneleg var Liv frå Ulsteinvik. Ho har jobba fleire stader i Ørsta, mellom anna på foto Lystad. Seinare tok ho hjelpepleierutdanning og jobba i mange år på sjukeheimen her i Ørsta. Ho var ei kjekk og livleg dame, som var aktivt med i mange lag og foreiningar.Blant anna var ho med i pensjonistlaget. Ho var faktisk på møtet den 3.oktober.Den einaste, utanom presten og representanten for gravferdsbyrået, som talte ved kista var Petra Folkestadås, ca 90 år, som la med blomster frå Seniordanslaget. Der Liv sjølvsagt var med. Petra gjorde eit nummer av namnet LIV, for Liv var som ho sa, full av liv.
Det var presten Arne Moltubakk som forretta i dag. Han var flink. Vi blir snart utan sokneprest , for den kvinnelige presten som kom i fjor, reiser igjen. Mannen hennar fekk ikkje jobb her, og å pendle til Stavanger blir litt for langt.. Men vi har pensjonistane Matias Austrheim og Rolf Dyrhol som stiller opp om det blir krise. 
 
Då vi kom heim åt vi litt lunsj og eg koka sagopudding, sidan det hadde hopa seg opp melk igjen, før vi gjekk ein lang tur på Vallabøen. Eg var ikkje så sprek i dag, så det var i alle fall langt nok for meg.
Vi (dvs. Nils) hadde ikkje planlagt middagen i dag, så då eg foreslo Taco, var det ikkje nei i hans munn. Så det vart det. No har eg rydda på kjøkkenet og sett på oppvaskmaskina, så no skal eg slappe av og lese ferdig boka om Varg Veum.
Margrete og Erlend er på speidertur for første gong. Håper dei får ei fin oppleving.
Og så vil eg ønske alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...